Ei av Noregs vakraste stemmer er snart ute med nytt album. No kjem Britt-Synnøve Johansen til Løa i Tønnevik.
«Kveldslys». Smak på ordet: Det går mot kveld. Det mørknar. Men det finst framleis lys. Eit lunt, mjukt lys. Britt-Synnøve Johansen er den vesle kvinna med den store stemma og ei formidlingsevne av dei sjeldne. Ho har sunge Edit Piaf på norsk, tango på norsk, eigen og andres musikk full av store kjensler. På «Kveldslys» er stemninga rolegare, tekstane modne, vemodige og ettertenksame. Men varmt og uendeleg vakkert er det framleis.
Som ein kveld i lunt lys.
Les meir og kjøp billett.