Kvar kursdag varer 3,5–4 timar. Kurset er frivillig og ein hyggeleg måte å friske opp kunnskaper om bilkøyring på. Fleire tusen bilførarar har gjennomført kurset, og erfaringane frå deltakarane er svært positive.
Vi går gjennom ulike temaer som vi diskuterer i fellesskap. Du er sjølv med på å bestemme innhaldet i kurset.
Vi tester verken køyreeigenskapene dine eller kva du kan om trafikkregler. Det er ingen eksamen av noko slag, og du risikerer ikkje å miste førerkortet ditt.
Kurset blir på Spinneriet, Hjelmeland. 9. mars kl 10.00-14.00 og 10. mars kl 10.00-14.00. Send inn påmelding ved å bruke påmeldingsskjemaet på nettsida til Hjelmeland frivilligsentral. Klikk på denne lenka: https://hjelmeland.frivilligsentral.no/hendelse?oppfriskingskurs-for-bilforarar-over-65-ar-090326&Id=2386221
Kursinnhald
Temaer som ofte går igjen, er
- vikeplikt
- rundkjøring
- veioppmerking
- lyskryss
- motorvei
- lysbruk
- forbikjøring
- parkeringsbestemmelser
Her er meir informasjon om kurset: Oppfriskningskurs for bilførere over 65 år | Statens vegvesen
Arrangørar: Statens Vegvesen i samarbeid med Seniorrådet i Hjelmeland og Hjelmeland frivilligsentral.