Kråkefuglane - forteljarforestilling

  • Hending

Kråkefuglane - forteljarforestilling

Dato

Lørdag 7. mars 2026

Tidspunkt

kl. 13.00 - 14.00

Stad

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland/Vågaståvå

Kva veit du om kråka? Bli med Marianne Stenerud inn i forteljinga om desse mystiske og morsomme fuglane.

I kvardagen er kråker rundt oss mennesker nesten overalt kor vi er. Hoppande rundt i byen, på hustaket til naboen, eller krafsande etter mat i vår eigen hage. Dei er ein så vanleg del av kvardagenvår at vi helst ikkje legg merke til dei, eller tenker over dei.

Men dei er fantastiske! Like fantastiske som mytene og fortellingane om dei. Det er ingen fugleart i verda det finnst fleire eventyr, myter og fortellingar om enn kråkefuglane. Dei er dei klokaste av fuglar, og kan finne på dei morosamste ting, om du berre tek deg tid til å observera dei skikkeleg. Observasjonar som gjennom tida har vore med å skapa dei mangfaldige fortellingane om dei, og som kan vere med å skape nye.

Marianne Stenerud er fortellarkunstnar på heiltid og har stått for mange fortellingar og prosjekt gjennom dei siste 20 åra. Barn og unge er hennar hovudsatsning. Utgangspunktet for fortellingane er ofte folkeeventyr, sagn og mytar som ho vrir og vrenger på og dermed finn nye måtar og veier inn i.

Forestillingar passar frå 4 år.

Gratis inngang, men du må reservere billett på Hoopla.


 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland

Om staden

Namn

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland/Vågaståvå