75 bad og litt til

  • Hending

75 bad og litt til

Dato

Torsdag 19. februar 2026

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.30

Stad

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland/Vågaståvå

Forfattar og universitetslektor Andreas Håheim kjem til Ryfylkebiblioteket Hjelmeland med boka "75 bad og litt til" – ei personleg og litterær reise gjennom ferskvann, tjern og elvar i Rogaland.

I dette arrangementet kombinerar Håheim høgttlesning, bilete og fortellingar frå boka, og utforskar korleis bading i naturen kan vere både naturoppleving, folkehelse og livspraksis. Tekstane kretsar rundt kropp, livsfasar, nærvær og behovet for ro i ein ofte travel kvardag – med badeplassen som ein stad der noko får sleppe taket.

Hjelmeland har også ein helit spesiell plass i boka:
Kommunen rommar badeplassen som får høgast score i 75 bad og litt til – og som vert løfta fram som eit av dei sterkaste eksemplene på korleis natur, tilgjengeligheit og badeglede kan møtas.

Dette blir ein kveld for alle som er glade i natur, litteratur og gode historier – enten du badar ofte, sjeldan, eller berre liker tanken på vann.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland

Om staden

Namn

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland/Vågaståvå