Målet er dei høgaste "toppane" på Kyrkjegardsheia. Dei ligg på snautt 800 moh. Her i høgda står det nokre steinformasjonar som minner om gravstøtter. Er det gamle graver? Derav namnet Kyrkjegardsheia ? Eller er det berre nokon som har sett de opp for skoi ?
Kanskje me kan fabulere litt i lag om dette saman med kjentmann for dagen - Trond Laugaland .
Vel oppe på heia tar me oss tid til å nyte den himmelvide utsikta og tar oss ein god matpause. Turen går som ein rundtur, med ei anna rute heimatt.