-
Last ned kalenderfil (.ics)
-
Herborg Kråkevik Trio dreg på turné med songskatten vår.
Herborg, kjend frå mellom anna «Edith og eg», «Herborgs verden», «Helsing Herborg» og deltaking i «Hver gang vi møtes» på TV2, har med seg songar frå alle desse framsyningane og programma.
Ho er også bokaktuell forfattar, og framsyninga inneheld songar frå «Kråkeviks songbok» og nyutgjevne «Vi vandrar saman: gjennom song og bilde».
Denne songskatten blir formidla med fornyande musikalske arrangement, krydra med spennande forteljingar frå kulturarven vår.
For nokon av oss er det songar og bilde me har vokse opp med og er glade i, for andre er det nyoppdagingar, men med Herborg som vegvisar gjennom konserten er me sikra å bli kjærleg kjende med skattane.
Ho vil også få oss til å syngja saman og gje oss ei oppleving av noko me eig i lag.
Trioen består av Herborg sjølv på vokal, Tove Kragset på piano og velkjende Torbjørn Økland (eks Vamp og Vestlandsfanden) på gitar og trompet.
Herborg er eit «scenedyr» med store roller frå teateret og mange sjølvlaga forestillingar og cabaretar i bagasjen. Me kan lova ein musikalsk og verbalt underhaldande kveld!
Kjøp billett til 550 kroner
Konserten er ein del av Kulturhaust i Ryfylke 2026.
Om du har Ledsagarkort og treng billett til ledsagaren din, kan du kontakta arrangør på 404 39 153 for promokode.