Torsdag 18. juni kl. 19.00–20.30 i møterom Eventyrskogen, kjellaren ved sida av frivilligsentralen.
I haust får me nytt symjebasseng i Hjelmeland. I den samanhengen inviterer me til eit ope møte for alle som er interesserte i symjing.
Målet med møtet er å sjå om det er grunnlag for å starte opp eit symjetilbod i kommunen. Hjelmeland idrettslag har moglegheit til å ha ei symjegruppe som ei undergruppe, dersom det er interesse og engasjement for det.
Har du erfaring med symjing, eller har du lyst til å bidra til aktivitet for barn, ungdom eller vaksne? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Hjelmeland idrettslag, frivilligsentralen, kommunen og andre frivillige aktørar vil vere til stades på møtet.
Me håpar du vil vere med og bidra til å skape eit godt symjemiljø i Hjelmeland – velkomen til møte!
Arrangørane:
Lisa Synnøve Aarsland, Bademeister, 404 39 044 og Åsmund Sigmundstad, dagleg leiar frivilligsentralen, 404 39 155