Tur til Kongeparken

  • Hending

Tur til Kongeparken

Dato

Tirsdag 7. juli 2026

Tidspunkt

kl. 08.00 - 18.00

Stad

Kongeparken

Last ned kalenderfil (.ics)

Reise: Buss frå Hjelmeland v/Hjelmeland kyrkje 0800, Fister 8.15, Årdal v/Årdal skule 0830, til Kongeparken 10.00 Retur med buss frå Kongeparken 16.00, ankomst Hjelmeland kl. 1800. Buss er ved Jøsneset transport. Påmeldingsfrist 22. juni.

Ungdommar som er ferdige med 5. klasse kan reise utan foreldre/føresette. Barn til og med dei som er ferdig med 4. klasse må ha med ein vaksen over 18 år.

Du som er påmeldt her frå Hjelmeland får fri reise med buss og fri tilgang til Kongeparken. Ta med gode klær, nistepakke og drikke. Våre aktivitetsguider er med heile dagen. Har du spørsmål ta kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf 40439155.

Gratis for alle opp til og med 18 år. Barn som er ferdig med 1. klasse og opp til og med dei som er ferdig med 4. klasse må ha med ein vaksen over 18 år. Barn som er ferdige med 5. klasse og eldre kan reise utan foreldre. Fleire vaksne kan vere med viss det er ledig plass. Vaksne over 18 år må betale kr 600,-  inklusiv buss og inngangsbillett. Påmeldingsskjema finn du her.

Arrangert med støtte frå Hjelmeland kommune, Bufdir, Rogaland sparebank og Rogaland fylkeskommune.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hjelmeland kommune

Kontakt

Åsmund Sigmundstad

Om staden

Namn

Kongeparken

Om arrangementet