Tur til "Fangene på fortet"

  • Hending

Tur til "Fangene på fortet"

Dato

Torsdag 16. juli 2026

Tidspunkt

kl. 09.15 - 16.30

Stad

Stavanger

Last ned kalenderfil (.ics)

Fangene på fortet er i Stavanger. Dei tilbyr 46 celler/rom med ulike utfordrande og morosame oppgåver ein skal løyse saman som eit lag. Det er behov for alle slags eigenskapar og talent; fysikk, kunnskap og kreativitet. Her får du bruke ditt balltalent, balanse, minne, logikk, styrke, mattekunnskaper, akrobatikk og mykje meir. Påmeldingsfrist 22. juni.

Det passer for alle uansett fysisk form. Me har dette som eit tilbod for ungdom som er ferdig med 7. klasse og opp til og med 24 år.

Reis: Rutebuss frå Hjelmeland kl 9.15, Fister kl 9.30, Årdal ved skulen kl 9.45,  til Fangene på fortet kl 11.10. På "Fangene på fortet" kl 11.15- ca 13.45.

Retur med rutebuss nr 100 frå Stavanger bussterminal  kl 14.33, Årdal 16.00, Fisterkrossen 16.11, Hjelmeland 16.28

Du som er påmeldt her frå Hjelmeland får fri reise med rutebuss og fri tilgang til "Fangene på fortet". Ta med nistepakke og drikke. Påmeldingsskjema finn du her.

Våre aktivitetsguider er med heile dagen. Har du spørsmål ta kontakt med Åsmund Sigmundstad tlf 40439155 eller Sina Viga tlf 40439168

Arrangert med støtte frå Hjelmeland kommune, Bufdir, Rogaland sparebank og Rogaland fylkeskommune.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hjelmeland kommune

Kontakt

Åsmund Sigmundstad

Om staden

Namn

Stavanger

Om arrangementet