Gitaren til Arne

  • Konsert

Gitaren til Arne

Dato

Fredag 6. november 2026

Tidspunkt

kl. 19.30 - 20.30

Stad

Spinneriet

Last ned kalenderfil (.ics)

Gitaren til Arne Bendiksen – ein musikalsk hyllest med Svein Erik Martinsen.

Det er få artistar som har prega norsk populærmusikk så sterkt som Arne Bendiksen gjorde på 1960-talet. Bendiksen ville ikkje at gitaren hans skulle enda på museum. Den skulle haldast i levande bruk etter at han ikkje var meir.

Då gitarist Svein Erik Martinsen fekk overta Arne Bendiksen sin eigen Levin-gitar – gitt vidare av sonen Tore Bendiksen – oppstod ideen til ei heilt særeigen konsertforestilling.

Bildecollage som viser gitaren til arne i hendene på Arne og Svein Erik

I denne konserten tar Martinsen med seg eit nøye samansett lag av nokre av Norges fremste jazzmusikarar, og saman gir dei publikum jazza, varme og leikne tolkingar av Bendiksen si musikkarv. Her får du høyre både udødelege klassikarar som «Blå Ballong» og «La meg være ung», og mindre kjente perler som «Hvem har sagt jeg savner deg».

Forestillinga speglar også Bendiksen sitt lange virke som jazzmusikar, produsent, studioeigar og pioner i norsk musikkhistorie – frå tida som bassist hos Rowland Greenberg til hans heilt sentrale rolle i utviklinga av norsk pop og jazz.

Resultatet er ein personleg og musikalsk hyllest – til Arne Bendiksen, til ein gitar med historie i kvar fiber, og til musikaren som nå lar den klinge vidare. Ein fin kveld for alle som elskar norsk musikkarv, jazz og sterke historier formidla gjennom lyd.

Kjøp billett på hjelmeland.hoopla.no

Konserten er ein del av Kulturhaust i Ryfylke.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Kulturhaust i Ryfylke

Om staden

Kart
Kartpunkt for Burmavegen 11, 4130 Hjelmeland, Norway
Namn

Spinneriet

Adresse
Burmavegen 11
4130 Hjelmeland