Dei 6 tiåra: 1960- og 1970-talet

  • Gjentakande aktivitet
  • Hending

Dei 6 tiåra: 1960- og 1970-talet

Dato

Fredag 4. desember 2026

Tidspunkt

kl. 19.30 - 21.00

Stad

Hjelmeland samfunnshus

Last ned kalenderfil (.ics)

Den folkekjære serien «Dei 4 tiåra» frå 2005 vender tilbake til scenen på Samfunnshuset, og blir utvida med to nye tiår.

Året er 1961, og me møter familien til Håkon og Sissel på Tjentland i Årdal i Ryfylke. Gjennom 1960- og 1970-talet kjem den moderne verda stadig nærare, med fjernsyn, nye politiske idéar, populærkultur, teknologiske nyvinningar og nye tankar om kjønnsroller, familieliv og individuell fridom.

Håkon vil gjerne følgja med i tida og modernisera garden, men det er lettare for han å kjøpa nye maskinar og byggja nytt fjøs, enn å endra gamle førestillingar. Sissel ønskjer på si side større fridom og meir råderett over sitt eige liv. Ungane deira, Harald og Ingeborg, veks opp med eigne draumar, meiningar og planar, medan spørsmålet om framtida til Tjentland-garden blir stadig meir påtrengjande.

Med humor, varme og gjenkjennelege familiekonfliktar speglar framsyninga eit norsk bygdesamfunn i rask endring. Verda utanfor finn vegen heilt inn i stova på Tjentland, der gamle og nye verdiar kolliderer på både morosame, såre og overraskande måtar. Det er ei historie om tradisjonar og fornyingar, og om kor vanskeleg det kan vera å følgja med i tida når ein må endra seg sjølv òg.

Kjøp billett på Hjelmeland teater si nettside.

Dagar aktiviteten går føre seg

Desember

  • 03.12.2026
  • 04.12.2026
  • 05.12.2026

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Hjelmeland samfunnshus

Adresse
Askvikbakken 1
4130 Hjelmeland