-
Dato
-
Tirsdag 17. november 2026
-
Last ned kalenderfil (.ics)
-
Hjelmeland kunstlag gler seg til å høyra om og visa medlemma meir om det nye store skulptur-prosjektet i vår kommune. Vardafletta, ein skulptur hogd direkte ut av fjellet, er under utvikling på ein plass i Jøsenfjorden i regi av Nasjonale Turistveger i Norge.
På møtet i Spinneriet vil Kunstnar Ann Cathrin November Høibo og steinhoggarar frå Johansen Monumenthuggeri fortelja om idegrunnlaget og den pågåandre arbeidsprosessen.
Frå administrasjonen i Nasjonale turistveger kjem Kari K. Sundfør og kunstkonsulent Morten Kvamme. Dei vil fortelja om ramene rundt prosjektet som er det første og kanskje einaste langs Nasjonal Turistveg Ryfylke rv 13.
Liv Jorunn Tjelmeland frå Visit Ryfylke vil orientera om erfaringar kring stoppeffekt av slike attraksjonar langs reiseruter.
Me får og besøk av ordføraren i Hjelmeland.
Enkel servering.
Vil du bli medlem i kunstlaget, tek du kontakt med Åsmund Sigmundstad i styret før møtet, tlf 404 39 155