Nasjonaldagen i Hjelmeland

  • Hending

Nasjonaldagen i Hjelmeland

Dato

Søndag 17. mai 2026

Tidspunkt

kl. 07.00 - 16.30

Stad

Heile kommunen

Det er mykje kjekt som skjer i Hjelmeland når nasjonaldagen skal feirast! 

Programma

Under finn du ut kva som skjer i dei forskjellige bygdene, berre klikk på den aktuelle bygda. 

Fister

Program for Fister

  • 11:00 - Gudsteneste i Fister kyrkje
  • 11:45 - Tog frå Fister kyrkje og opp til skulen
  • 12:15 - Komiteen ynskjer velkommen
  • 12:20 - Tale ved Izabele Krasikovaite og Milla Sofie Sandvik
  • 12:30 - Matsal startar 
  • 13:15-14:45 - 60 meter, tipping, aktivitetar og leik
  • Ca. 15:00 - Premieutdeling 

Velkommen!

Hjelmeland

Program for Hjelmeland

  • 07:00 - Salutt
  • 08:00 - Flaggheising
  • 09:45 - Familiegudsteneste i Hjelmeland kyrkje
  • 10:30 - Kransepålegging ved dei falne si grav v/Hjelmeland historielag
  • 11:00 - Tale for dagen utanfor omsorgssenteret v/Pernille Bergøy Drognes og Anna Seselia Kleppa
  • 11:15 - Toget går frå Hjelmeland omsorgssenter til Hjelmeland IL Klubbhus
  • 12:00 - Matsal, aktivitetar og konkurransar ved Klubbhuset på kunstgrasbanen
  • 14:30 - Premieutdeling

Velkommen til små og store!

Jøsenfjorden

Program i Jøsenfjorden

  • 09:00 - Kransenedlegging ved støta til Georg Fjellberg, korps og appell v/Haldis K. Nilsen og Ola Rodrigo Gjil
  • 09:45 - Tippekonkurransar vert lagt ut, Fjordahuset
  • 10:30 - Tog med korps startar, me går rundt Hauge
  • Etter at toget er attende til skuleplassen held Reidun Segadal og Bernt J. Høie tale for dagen, gymsalen
  • Etter talen blir det mat, leiker, natursti, konkurransar med meir
  • 13:30 - Fotballkamp, meld dykk på i kiosken
  • 14:00 - Premieutdeling

Velkommen! 

Jøsneset

16. mai klokka 18:00: Skarpskyting på skytebanen. 

Program på Jøsneset

  • 12:00 - Tog frå Bedehuset til Grendahuset
  • 12:30 - Tale for dagen v/Gaute Hauge
  • Ca. 13:00 - Felles lunsj der alle som vil/kan tek med seg eit bidrag til felles buffé
  • Sal av pølser, is og brus
  • Ca. 14:00 - Leiker og aktiviteter
  • Ca. 15:30 - Premieutdeling

Alle er velkomne! 

Randøy

Program på Randøy

  • 11:00 - Toget går frå grendahuset
  • 11:45 - Tale for dagen ved Anne Tove Gundersen Ingvaldstad
  • 12:15 - Matøkt
  • 13:00 - Aktivitetene startar
  • 15:00 - Leikene sluttar
  • 15:30 - Avslutning og premieutdeling 

Velkommen til alle!

Vormedalen

Program i Vormedalen

Kl. 11 - Tale for dagen ved Mey Ellen Myrland

  • Tog
  • Matøkt
  • Leikar for born og vaksne

Kl. 15:30 - Premieutdeling

Alle er velkomne! 

Finn du ikkje programmet for di bygd? Tips komiteen om å sende programmet til postmottak@hjelmeland.kommune.no 

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Heile kommunen