Reglement og prisar for utleige av Spinneriet

2 Leigeprisar

Pris pr rom/dag (døgn) 2024
Leigeprisar Spinneriet - Pris pr rom/dag (døgn)
RomTal personarFrivillige lag/organisasjonarPrivate arrangementKommersielle føretak
Sal 1. etg*inntil ca 75kr 0kr 2 120kr 2 650
Sal 2. etg*inntil ca 100kr 0kr 2 120kr 2 650
Kafé 2. etg*inntil ca 35kr 0kr 1 060kr 1 270
Kjøkkentilleggstenestekr 0kr 210kr 320
Vaktmeistertenestekan tingastkr 370,- pr time
*inkluderer ikkje bruk av kjøkken

 

  • Ryfest skal ikkje betale leige for Spinneriet.
  • Det kan verta kravt etterbetaling ved manglande rydding og klargjering. Leigekontrakt skal fyllast ut.
  • Leiga ein betaler for Spinneriet inkluderer alltid reingjering. Det er likevel ein føresetnad at leigetakar ryddar, fjernar boss og klargjer etter seg i tråd med ordensreglane.
  • Privatpersonar som ynskjer å leige Spinneriet til salsutstillingar, eller messer skal betale leige som kommersiell leigetakar.
     

SAL AV MATVARER FRÅ KJØKKENET I SPINNERIET.

Privatpersonar, eller andre som ønsker å selje mat på kommersielt grunnlag skal betale leige av kjøkken etter gjeldande takstar.