Opplev ville, vakre Jøsenfjorden

Opplev ville, vakre Jøsenfjorden

Bli med på tur inn Jøsenfjorden for å oppleva fjord og fjell. Du får sjå Skomakernibba frå fjorden og me går inn i ei flott vik kalla Osmundshavn med båten. Me tek også turen innom Tytlandsvik der du får sjå det landbaserte smoltanlegget frå sjøen. Turen vidare går forbi Segadal og inn til Førre, denne delen er særleg spektakulær med høge fjell på opp til 800/900 meter og trang fjord. 

Avgang og billett

Avgang frå Judaberg, Seæbøvågen (Fogn), Sør Bokn, Byre, Hjelmelandsvågen og Nesvik.

Turane går torsdagar i juli, samt dei to første i august. 

Les meir om avgangstider og prisar på Helgøy Skyssbåt si heimeside.

Brosjyre om Jøsenfjorden

Kart over Jøsenfjorden og attraksjonane der - Klikk for stort bilete Omega365design

Jøsenfjorden er ein mektig fjordarm som strekk seg frå Hjelmelandsvågen i vest til Førrebotn 27 km lengre aust. Fastbuande i bygdene langs fjorden, aktivt fiskeri og fjordbruk på sjøen skapar liv i området. Gjennom heile året kan du på og langs fjorden møta eit rikt fugle- og dyreliv som havørn, hjort, sau og spekkhoggar. Her er mykje historie knytt til ferdsel frå Setesdal til Ryfylke, kraftutbygging med Ulla-Førre, reinsdyrjakt i eldre tider, kvernhusdrift eller dramatiske krigshandlingar. 

Les brosjyren digitalt (PDF, 8 MB) eller kom innom biblioteket på Hjelmeland for eit eksemplar. 

Litt bilder frå fjorden

Artikkelliste