7 Klagehandsaming og klageorgan
Heimel: kommunelovens § 5-1 bokstav k, jf. forvaltningslova § 28
Formannskapet er ved vedtak av dette reglementet Hjelmeland kommune sitt faste klageorgan, i medhald av Kommunelova og Forvaltningslova av 10.02.67, § 28, 2. ledd.
Klagenemnd etter forvaltningslova § 28 for enkeltvedtak truffe av formannskapet, består av tre medlemar og tre varamedlemar vald av kommunestyret.
Formannskapet er klageorgan for einskildvedtak gjort av tenestemenn, med mindre vedkomande særlov bestemmer noko anna.
Unnateke frå denne regelen er klage på vedtak i medhald av plan- og bygningslova, som vert handsama av Areal- og forvaltningsutvalet som underinstans (jf. vedtak i k-sak 078/12. Sjå også reglement for Formannskapet).
7.1 Ansvarsområde
Formannskapet som klageorgan behandlar mellom anna klager på vedtak i saker om:
- Einskildvedtak i samsvar med forvaltningslova sine føresegner
- Parkeringsløyve for forflyttingshemma.
- Tildeling av kommunale bustader.
- Barnehageplass - i saker der det er tildelt barnehageplass, men ikkje i ønskt barnehage.
- Redusert foreldrebetaling i barnehage.
- Startlån og bustadtilskot etter forskrift om startlån frå Husbanken.
- Utsleppsløyve etter forureiningsforskrifta kap. 12.
- Avkøyringsløyve til kommunal veg etter veglova.
- VA klager etter lokal VA forskrift.
7.2.1 Delegert mynde
Formannskapet som klageorgan behandlar klager over enkeltvedtak fatta i Hjelmeland kommune der ikkje annan klageinstans er særskilt bestemt i lov eller av kommunestyret.
Myndigheit til å avgjera klagar på enkeltvedtak i alle saker innanfor ansvarsområda definert over.
Særskild myndigheit innanfor følgjande lover:
Forvaltningsloven § 28 .
Dersom klageinstansen er eksternt organ (t.d. Statsforvaltaren) skal klaga handsamast av kommunedirektøren som underinstans (kan vidaredelegerast), før den ev. vert sendt over til klageinstansen, jf. forvaltningslova §33, 2. ledd 1. punktum.
Klage på enkeltvedtak truffe av formannskapet behandlast av klagenemnda oppnemnt av kommunestyret. Grunnlaget for slik klage er enkeltvedtak iht. forvaltningslova §2b fatta av kommunalt politisk organ eller administrativ instans.
Den eller dei som etter forvaltningslova har høve til å klage skal underrettast om at slik rett føreligg. Klagen skal føreleggast det organ eller den instans som har fatta vedtaket. Er vedtaket fatta av ein administrativ instans, skal klagen leggast fram for kommunedirektøren, dersom mynde er administrativt delegert, eller til vedkomande politiske organ, dersom mynde er politisk delegert.
Vert klagen komen i møte i vedtaksorganet, vert saka avslutta. Vert klagen oppretthalden, vert det lagt fram for klageutvalet til handsaming etter føresegnene i forvaltningslova. Vert vedtaket delvis oppretthalde i vedtaksorganet, er det å sjå på som nytt einskildvedtak, og kan påklagast på dette grunnlaget
Grunngjevingskravet i forvaltningslova gjeld også enkeltvedtak som fatta av klageutvalet.
Behandling av klager
Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt underretning om vedtak er komme fram til vedkomande part.
Klagen vert framsett skriftleg for den instans som har gjort vedtaket. Sekretariatet til denne instans skal alltid vera behjelpeleg med å sette opp klagen, når det vert bedt om hjelp.
Elles gjeld Forvaltningslova sine føresegner om klagen si form og handsaming. Det inneber også at enkeltvedtak som gjeld tilsetting verken kan påklagast eller skal grunngjevast.
7.2.2 Rett til vidaredelegering
Formannskapet som klagerorgan kan ikkje delegera vidare makta si.