Flaggreglement

1 Generelt om flagget

1.1 Lovar og forskrifter om det norske flagget

”Lov om Norges Flag”(Flaggloven) datert 10.12.1898. Lova fastset korleis flagget skal sjå ut og bruken av det.

”Forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget”, datert 21.10.1927, sist endra 03.12.2004. Forskrifta fastset nærare reglar for bruken, blant anna offisielle flaggdagar og når flagget kan heisast og firast.

”Lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger”, datert 29.06.1933, sist endra 04.06.2021. Forskrifta fastset kva slags flagg som kan nyttast ved dei offentlege bygningane til kommunen.

”Forskrift om adgang til i særlege tilfelle å benytte frammed lands flagg ved sidan av det norske flagg på kommunale offentlege bygningar” datert 06.07.1933.

1.2 Det norske flagget

Det norske flagget finnes i to utgåver; statsflagget og handelsflagget. Statsflagget er splitta, og blir bare brukt av statlege institusjonar. Handelsflagget reknast som nasjonalflagget. Dette er rektangulært med størrelsesforholdet 8:11.

Nasjonalflagget er Norges symbol og skal behandlast med respekt.

Eit flagg skal ikkje røre ved bakken, klippast i eller tilsmussast på nokon annan måte.

Når et flagg skal byttast ut, til dømes fordi det er falma, skal flagget makulerast før restane av flagget blir kassert.
 

1.3 Tidspunkt for heising og firing av det norske flagget

Følgjer av flaggforskrifta av 1927 § 6:

” Flagget heisast i månadene mars til og med oktober kl. 08.00, i månadene november til og med februar kl. 09.00. Flagget blir halt ved solnedgang, likevel ikkje seinare enn kl. 21.00 viss sola går ned etter denne tida”.

1.4 Andre flagg vimplar og banner

Hjelmeland kommune flaggar ikkje med andre land sine nasjonalflagg.
Ordførar kan gjere unntak frå dette.