Bursdag

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Bursdag

I barnehagen feirar me bursdagane til det enkelte barn med flagg og plakat. Barnet får vera med å velje farge på papp til krone og vera med ein vaksen å lage bursdagskrone.

Vidare vert dagen markert i samling der barnet får vera midtpunkt, og barnet får

  • Sitte på konge-/prinsessestol
  • Tenne lys og synge bursdagssang. 

Ved private bursdagselskap, har me eit ønske om at de distribuerer invitasjonane til barnas privatadresse. Eller de kan legga invitasjonen i ein konvolutt med foreldra sitt namn på. Dette av omsyn til dei som ikkje vert invitert.