Vanskar på VGS

Du som ungdom må kanskje flytte eller du må pendle ut av kommunen for å gå på vidaregåande skule. Nokon ganger kan denne fasen vere krevande. Ikkje berre er det knytt til det å flytte til ein større stad, det kan vere å flytte frå familien eller tankar og undring på om du har valt rett retning eller linje. 

For nokon kan det bli såpass vanskeleg at skulen etterkvart blir for mykje. Dersom det gjeld deg, ønsker me å hjelpe deg gjennom den vanskelege tida. 

Så, kva kan me hjelpe deg med? 

Ta kontakt med SLT- og folkehelsekoordinator May-Ellen Myrland på telefon 404 39 154 mellom klokka 08:00-15:30.