Grunnskule for vaksne

For å ha rett til grunnskule for vaksne må søkjaren oppfylle fire vilkår:

  1. Vere over opplæringspliktig alder (normalt hausten det året ein fyller 16 år)
  2. Ikkje ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom
  3. Ha lovleg opphald i Norge
  4. Trenge grunnskuleopplæring

Retten er lovfesta i opplæringslova.

Kva fag er det opplæring i? 

Det er tilbod om opplæring i dei fem faga ein treng for å få vitnemål for vaksne:

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Samfunnsfag
  • Naturfag

Opptak

For å søke på grunnskule for vaksne må du fylle ut søknadsskjema. 

Søk om grunnskule for vaksne - søknadsskjema

Grunnskuleopplæringa er gratis og undervisninga føregår på Ryfylke læringssenter på Jørpeland. Adressa er Rådhusgaten 26, 4100 Jørpeland. 

Meir informasjon om rettar og regelverk