Me tilbyr nybegynnarkurs i norsk. Tidspunkt for undervisninga kan variera etter kva behov deltakarane har.
Undervisninga er eit tilbod til:
- deg som til dømes kjem til området for arbeid, familigjenforening eller liknande og dermed ikkje har krav på eit offentleg tilbod .
- deg som er ferdig med innføringkurs på Ryfylke læringssenter og har behov eller ønske om vidare oppfølging.
- deg som av ein eller annan grunn ikkje kan delta i programmet på Ryfylke læringssenter.
Påmelding
Me ber om at du som har ønske om norskopplæring på Hjelmeland tek direkte kontakt med oss, slik at me får kartlagt kva som er det faktiske behovet framover.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål? Ta kontakt med Brith-Eline Øye på tlf. 957 35 275 eller e-post brith-eline.oye@hjelmeland.kommune.no
Brith-Eline kan både tysk, engelsk og spansk og du kan derfor stille spørsmål på alle desse språka, i tillegg til norsk.
Publisert 09.05.2018 10.04
Sist endra 12.08.2026 13.27