Levera næringsavfall - Nye reglar frå 01.01.2026
Gjeld næringsdrivande i Hjelmeland og Suldal.
Gjenvinningsstasjonane på Vikaneset og i Gåsavika kan diverre ikkje lengre ta imot avfall frå næringsdrivande. Forurensningsloven § 32 gir kommunane plikt til å samla inn hushaldsavfall, men ikkje næringsavfall. Næringsavfall er verksemda sitt eige ansvar og skal leverast til godkjent behandlingsanlegg (forurensningsloven § 30). Det er likevel unntak for næringsdrivande ved levering av mindre mengder farleg avfall (Avfallsforskrifta §§ 11-10 og 14-3)
Sist endra 04.12.2025 13.26
Kva gjeld for farleg avfall?
- Næringsdrivande kan levera inntil 1000 kg farleg avfall og 500 kg PCB-haldige isolerglasvindauge.
- Levering skal berre skje til Nordmarka gjenvinningsstasjon, Fiskåvegen 265, 4120 Tau
- Farlig avfall blir voge og registrert ved levering i Nordmarka.
- Alt farleg avfall skal vera deklarert før levering. Treng du hjelp til deklarering, kontakt IVAR Renovasjon Ryfylke.
- Faktura blir send ut i etterkant.
Alternativet er å inngå ein henteavtale med ein privat avfallsaktør i området.
Årsakene til at IVAR Renovasjon Ryfylke stoppar mottaket av næringsavfall på Vikaneset og i Gåsavika, er nye og strengare krav til m.a. vektdokumentasjon, registrering og veging. Dei eksisterande vektene er gamle og utdaterte og oppfyller ikkje lengre dei strenge krava. Skal vektene skiftast, vil kostandane bli svært høge. Denne kostnaden kan IVAR Renovasjon Ryfylke ikkje forsvara å ta.
IVAR Renovasjon Ryfylke oppmodar alle næringsdrivande til å planleggja avfallshandtering i tråd med gjeldande regelverk. Ta kontakt med private avfallsaktørar som vil hjelpa deg med å finna ei god og sikker løysing framover.