Kreftomsorg

Når ein er alvorleg sjuk kan det være mange spørsmål som melder seg, både for den som er sjuk og for dei pårørande. 

Kreftkoordinator kan blant anna være med å:

  • svare på spørsmål
  • rettleie
  • koordinera tenester

Den som er sjuk kan sjølv ta kontakt eller be legen, sjukehuset, pårørande eller andre om å formidla kontakt.

Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon

Kreftkoordinator er Camilla Askeland. 

Kontordag er i utgangspunktet torsdagar, men ikkje ver redd for å ta kontakt andre dagar. Dersom du ikkje får kontakt, kan du veldig gjerne legge igjen ein beskjed med namn og nummer så ringer eg deg opp att. 

Telefon: 404 39 084 - direkte eller 51 75 90 00 - omsorgssenteret.