Med ledsagarbeviset kan du ha med deg ledsagar på arrangement.
Me vil førebygga sosial isolasjon og gi auka livskvalitet til personar med nedsett funksjonsevne. Målet er at det skal vera lettare å koma seg ut på kommunen sine kultur- og fritidstilbod.
Kommunen har no knytta seg til ordning med digitale ledsagarbevis, det betyr at du alltid har med deg kortet på ein app på telefonen din.
Om du vil ha eit fysisk kort i staden for eller i tillegg til det digitale beviset, må du hugsa å krysse av for dette når du fyller ut skjemaet.
ledsagerbevis.no
Finn fram dette før du fyller ut søknaden
- fødselsnummer og telefonnummer
- bilde til beviset (heile ansiktet må visa tydeleg)
- legeerklæring eller annen dokumentasjon på behovet
- fullmakt (dersom du søker for andre enn barnet ditt)
Søk om ledsagarbevis
Ledsagar går gratis på alle kommunale kulturtilbod. Sjekk med private arrangørar om dei aksepterer ledsagarbevis.
Publisert 03.10.2022 13.20
Sist endra 06.11.2026 13.33