Treng du hjelp til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid? Då kan det vera at du har rett på støttekontakt.
Kven kan søka?
- Barn, unge og vaksne personar som bur i Hjelmeland kommune med ulik form for funksjonsnedsetting eller sosiale utfordringar, som motorisk, psykisk og eller sosialt
- Familiar med samansette behov
- Du som er ny i landet og som er ukjent med det norske samfunnet
- Du som slit med rusmiddelproblem eller psykiske vanskar
Du som ønsker ein støttekontakt kan søka via dette elektroniske skjemaet
Støttekontakttenesta gis
- individuelt
- som gruppedeltaking i aktivitetsgruppe
- som individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon
Vilkår
- Søkar må ha fysiske, psykiske eller sosiale utfordringar
- Søkar må ha eit målretta ønske i høve til bruk av støttekontaktordninga
- Søkar må trenga hjelp og støtte til å halda ved lag eit sosialt nettverk
- Dei som bur heime hjå foreldra vert prioriterte
- Søkar som ikkje kan nytta seg av andre fritidstilbod kommunen tilbyr, vil bli prioriterte
- Søkar må kunna nytta seg av ein ufaglært støttekontakt
Tenesta
- Du får tildelt eit visst tal timar per veke
- Du og din støttekontakt avtaler kva timane skal innehalda
- Kommunen krev ikkje at den som utfører tenesta har fagbakgrunn
Pris
- Tenesta er gratis for deg som treng støttekontakt.
Bli støttekontakt
Har du lyst til å vera med å gje nokon ei aktiv og meiningsfull fritid? Då kan søttekontakt vera noko for deg!
Send oss ein søknad om å få bli støttekontakt - elektronisk skjema
Publisert 07.05.2018 09.51
Sist endra 26.03.2025 12.01