Informasjonspunkt i kommunen

Dersom det oppstår ein situasjon der me ikkje kan bruka telefon eller internett, vil kommunen opna informasjonspunkt. 

Informasjonspunkta skal gi deg ein kjend møteplass for informasjon når vanlege kanalar ikkje fungerer. Der vil du få offisiell informasjon om situasjonen, og kan bli satt i kontakt med kommunale tenester.

Informasjonspunkt i kommunen

Informasjonspunkt i Hjelmeland: 

Biblioteket i Vågahuset, Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland (hovudinformasjonspunkt).

Informasjonspunktet skal hjelpe deg med å finne oppdatert informasjon frå kommunen si beredskapsleiing. Opningstidene kan variera og blir bestemt av beredskapsleiinga. 

Det kan også bli aktuelt å henge opp plakatar med informasjon på døra, dersom kommunen ikkje har moglegheit til å halda ope informasjonspunktet.

Ved langvarig krise, kan me oppretta fleire informasjonspunkt. 
Desse vil vere: 

  • Fister skule, Solbjørgvegen 62, 4139 Fister
  • Årdal skule, Melevegen 125, 4137 Årdal i Ryfylke
  • Jøsneset grendahus, Jøsnesvegen 231, 4146 Skiftun
  • Jøsenfjorden grendahus, Haugavegen 14, 4134 Jøsenfjorden 

Enkle grep styrker eigenberedskapen

DSB og Nasjonal kommunkasjonsmyndighet (Nkom) har laga sju enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett.

Her er nokre av dei: 

  • Ver ein bere beredskapsven 
  • Skaff ein DAB-radio
  • Lad opp batteribank og utstyr
  • Vurder abonnement på ulike mobilnett

Du kan lese alle sju på DSB sine nettsider.