Bestill situasjonskartpakkeLytt til tekstenStopp avspillingMe tilbyr løysing for sjølvbetening for bestilling av situasjonskartpakke i pdf- format til bruk i bygge- og delesaker. Dette er ei betalingstjeneste, situasjonskartpakka koster 599 kroner.Bestill situasjonskartpakkeSituasjonskartpakka inneheld fleire dokument: Planrapport – oversikt over kva planar som gjeld for eigedomenOmrådeanalyse – viser ulike temadata for valt område – eks rasfare, flaumfare, kulturminne.Kommuneplankart for valt områdeTekstdel til kommuneplanReguleringsplankart for valt områdeFøresegn til aktuell reguleringsplan (viss det er reguleringsplan for området)Situasjonskart – grunnkart med ev ledningar for vatn og avlaup. Korleis går eg fram?Søk på eigedomen – da vil du få oversikt ulike produkt.Vel «Situasjonskartpakke Hjelmeland kommune». Vel arkstorleik – A3 eller A4. og Målestokk – mellom 1:500 og 1:2000Plasser ramma der du ønsker utsnittet og trykk «bestilling»Systemet veiledar vidare Du mottar ein e-post når situasjonskartpakka er produsert, dette skjer vanligvis i løpet av nokre minutt. Det er og mogleg å bestille nabovarsel via denne løysinga. Alternativ:Det er og mogleg å ta ut situasjonskart og temadata via kommunekart. Då må du søke deg fram til aktuelt område, sette på ønska kartlag, vel «skriv ut» under «Meny»- boksen oppe til venstre i kartvindauget og følg vidare veiledning i portalen. Dette er ikkje ei betalingsteneste. Publisert 19.02.2021 09.13 Sist endra 18.11.2024 14.47