Bestill situasjonskartpakkeLytt til tekstenStopp avspillingHjelmeland kommune tilbyr løysing for sjølvbetening for bestilling av situasjonskartpakke i pdf- format til bruk i bygge- og delesaker. Dette er ein betalingstjeneste, situasjonskartpakka koster kr 599,- Bestill situasjonskartpakke Situasjonskartpakka inneheld fleire dokument: Planrapport – oversikt over kva planar som gjeld for eigedomen Områdeanalyse – viser ulike temadata for valt område – eks rasfare, flaumfare, kulturminne. Kommuneplankart for valt område Tekstdel til kommuneplan Reguleringsplankart for valt område Føresegn til aktuell reguleringsplan (viss det er reguleringsplan for området) Situasjonskart – grunnkart med ev ledningar for vatn og avlaup. Korleis går eg fram? Søk på eigedomen – da vil du få oversikt ulike produkt. Vel «Situasjonskartpakke Hjelmeland kommune». Vel arkstorleik – A3 eller A4. og Målestokk – mellom 1:500 og 1:2000 Plasser ramma der du ønskjer utsnittet og trykk «bestilling» Systemet veiledar vidare Du mottar ein e-post når situasjonskartpakka er produsert, dette skjer vanligvis i løpet av nokre minutt. Det er og mogleg å bestille nabovarsel via denne løysinga. Alternativ: Det er og mogleg å ta ut situasjonskart og temadata via kommunekart. Då må du søke deg fram til aktuelt område, sette på ønska kartlag, vel «skriv ut» under «Meny»- boksen oppe til venstre i kartvindauget og følg vidare veiledning i portalen. Dette er ikkje ei betalingsteneste.