Hurtigladestasjon finn du i tilknyting til bensinstasjonen YX Hjelmeland på Puntsnes. Den ligg ved Rv13 før du kjem til fergekaien i retning Hjelmeland sentrum.
Oversikt over fleire ladestasjonar finn du på ladekart.elbil.no.
Fleire ladestasjonar kjem
Me jobbar aktivt med å fremme det grøne skiftet og berekraftig utvikling, blant anna ved sikre ein trygg ladestruktur i heile kommunen. Dette vil bidra til at fleire kan velje elektriske bilar og dermed redusere klimautsleppa.
Me held difor for tida på med eit prosjekt som går ut på å få på plass hurtigladarar i fleire delar av kommunen.
Kommunale billadarar
Som kjent har me el-billadarar (ikkje hurtigladarar) ved
- Årdal omsorgssenter
- Årdal skule
- Fister barnehage
- Hjelmeland legekontor
- Hjelmeland omsorgssenter
- kommunehuset
- branngarasjen i Jøsenfjorden
For å bruke ladarane må du gjennom desse stega:
- Du må altså lade ned Charge365 by Wattif.
- Registrer ein brukar (eller trykk gløymt passord om du har hatt ein brukar i gamle Charge 365 appen).
- Legg til betalingskort.
- Start lading via app.
Publisert 12.07.2024 13.00
Sist endra 22.01.2026 08.40