Lån av utstyr

Frilager har det du treng til turar, friluftsliv og andre aktivitetar. Dei har også tilrettelagt utstyr om du treng det. 

Hentestad på Hjelmeland

I Hjelmelandsvågen finn du ei bod på parkeringsplassen ved elva. Utstyret du har bestilt finn du her. Du må bestille minimum fire dagar før du treng utstyret. 

Bestill eller sjå utstyr som er tilgjengeleg.

Du leverer utstyret tilbake på same stad etter bruk. Kodelås til døra får du på e-post dagen før henting.

Sjølvbetent bod Gullingen

Den sjølvbetente boda på Gullingen er plassert ved Gullinghuset/lysløypa ved Mosvatnet. 

I denne boden ligg det:

  • ski
  • stavar
  • skisko
  • HC kjelke
  • pulk

Du kan bestille frå denne boden same dag som du skal ha utstyret, men det kan jo gå tomt så lurt å vere ute i god tid likevel. 

Registrering

For å kunne bestille utstyr på frilager.no må du vera registrert som brukar.

I første omgang registrerer du deg som privatperson, deretter vil du få moglegheita til å knytte deg opp mot ein frivillig organisasjon eller bedrift. 

Prisar og betaling

Du må vere innlogga for å sjå prisane. 

Privatpersonar må betale ein liten leigesum. Skular, barnehagar og frivillige organisasjonar får låne gratis.