Dagsturhytta Fisterbu

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Dagsturhytta Fisterbu

Dagsturhytta Fisterbu ligg på Fisterfjellet. Her er nydeleg utsikt over bygda, fjordane og øyene. Dagsturhytta opna sommaren 2022. 

Dagsturhytta

Ope: heile året
Sjølvbetening: Ja
Overnatting: Nei (men det er råd å låna hengekøyer i hytta og overnatta ute)
Passar for: Barn og vaksne
Turavstand: 2,8 km frå Fister skule, 1,3 km frå Solbjør
Universell utforma atkomst: Nei, turen går på sti i terrenget
Toalett: Ja
Bålpanne: Ja

Skildring av turen til hytta

Frå Fister skule er det relativt bratt opp til stien sitt startpunkt ved Fladamark, men Solbjørvegen er laga i hårnålssvingar som gjer at lia ikkje blir opplevd som så bratt som ho er. Frå parkeringsplassen på Solbjør går vegen slakt nedover til Fladamark. Stien gjennom skogen frå Fladamark til Fisterbu stig jamt utan å vera veldig bratt.

Innsida av Dagsturhytta Fisterbu - Klikk for stort bilete Annbjørg Breiland  

Tilkomst og parkering

Om du kjem frå Tau og Årdal, svingar du av riksveg 13 og inn på Fistervegen i Fisterkrysset. Om du kjem frå Hjelmeland, svingar du av riksveg 13 og inn på Hundsnesvegen i Kleppakrysset. Det er skilta til Fister begge stader. Når du kjem fram til Fister, svingar du av Fistervegen og opp til Fister skule ved Joker-butikken. Det er skilta til skulen. Det er råd å parkera ved Fister skule og fortsetja opp Solbjørvegen til turstien og Fisterbu, eller du kan køyra til parkeringsplassen på Solbjør og gå ned vegen att til punktet der turstien startar.

Utsikten frå Fisterfjellet - Klikk for stort bilete Annbjørg Breiland  

Avstand

Fister skule – Fisterbu: 2,8 km - 63 moh. ved parkering, 258 moh. ved stien, 385 moh. ved Fisterbu.
Solbjør – Fisterbu: 1,3 km - 284 moh. ved parkering, 258 moh. ved stien, 385 moh. ved Fisterbu.

Logoen til Dagsturhytta - Klikk for stort bilete  

Kontaktperson i kommunen

Magnar Riveland, kulturleiar.
E-post magnar.riveland@hjelmeland.kommune.no
Telefon 404 39 153