Driveplikt

Reglane om driveplikt gjeld alle som eig jordbruksareal og du som eigar har driveplikt i heile eigarperioden, jamfør jordlova § 8.

Driveplikta kan oppfyllast ved at du som eigar driv sjølv, eller ved bortleige. Avtale om bortleige må være skriftleg og gjeldande for 10 år. Eigar kan ikkje seie opp denne avtalen. 

I sameige har kvar enkelt sameigar driveplikt. 

Meir informasjon om driveplikt finn du på landbruksdirektoratet.no.

Fritak frå driveplikt

Kommunen kan gje fritak for ei viss tid eller varig. Det kan stillast vilkår for fritaket.
Søknad om fritak frå driveplikta.