Godkjend reguleringsplan - Solstrand bustadfelt - Fistervågen

I medhald av plan-og bygningslova § 12-12 har Hjelmeland kommunestyre har i sak 104/24 godkjent detaljreguleringsplan R162 Solstrand bustadfelt, Fistervågen, gnr 74 bnr 7. 

Planen er ein detaljreguleringpslan og gir rom for 20 bustader, fordelt på ti leilegheiter, seks kjedebustader og fire einiebustader.  Det er òg regulert inn småbåthamn, liten badeplass og friområde, g/s-veg langsmed fylkesveg. 

Godkjent plan

  • Plankart 
  • Føresegner
  • Planskildring
  • Kommunestyrevedtak

    Andre dokument i saken, som td tilhøyrande rapportar er å finne i arealplaner.no 

    Vedtaket kan, i medhald av plan-og bygningslova § 12-2 og forvaltningslova § 29,  klagast inn for Statsforvaltaren i Rogaland av parter eller andre med rettsleg klageinnteresse.

    Eventuell klage skal sendast til:
    postmottak@hjelmeland.kommune.no eller Hjelmeland kommune, Plan og forvaltning, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland innan 14  juli 2025.

    Eventuelle krav om erstatning må setjast fram skriftleg for Hjelmeland kommune innan 3 år frå den offentlege kunngjeringa av vedtaket jf plan-og bygningslova § 15-3.
     
     


Plan og forvaltning – Hjelmeland kommune

Artikkelliste