Me nyttar kunstig intelligens (KI) i søkefunksjonen på nettstaden vår

No kan du skriva fullt formulerte spørsmål, til dømes «Korleis søkjer eg barnehageplass?». I tillegg til å lista opp sider med aktuelle treff, får du også svar på spørsmålet i eit KI-generert samandrag. Hugs at kunstig intelligens av og til kan gje feil og unøyaktigheiter.

Innsatstrappa

Innsatstrappa viser korleis tenestene i kommunen heng saman, og kva du sjølv kan gjera. Med felles forventningar, og tidleg innsats, kan me i fellesskap evna å tenkja nytt.