Trafikktryggingsplan

3 Forholdet til eigne planar

3.1 Kommuneplan 2019-2031

Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. I samfunnsdelen er ei av dei grunnleggande utviklingsramene Ryfast og andre viktige samferdsletiltak. Eit av punkta her er at kommunen skal vera pådrivar for eit godt vegnett og gode kollektivordningar, samt gode parkeringstilhøve ved overgang mellom bil og kollektivtransport. I arealdelen er alle noverande og framtidige arealdisponeringar gjort. Det er viktig at kommunen tenker trafikktryggleik alt i kommuneplanarbeidet.