Trafikktryggingsplan

6 Kommunale tiltak

Nullvisjonen forutset at trafikantane skal ta ansvar for eigen åtferd, gjennom å vera aktsame og unngå bevisste regelbrot. Tal frå Statens vegvesen si ulykkesanalyse-gruppe, viser at for dødsulykker i perioden 2005-2016 var: 

  • For høg fart ein sannsynleg medverkande faktor i 42 % av ulykkene 
  • Rus ein sannsynleg medverkande faktor i minst 21 % av ulykkene 
  • 40 % av dei drepte i bil brukte ikkje bilbelte eller var feilsikra 

Tal frå Transportøkonomisk institutt viser at dersom alle fulgte fartsgrensene, kjørte utan ruspåverknad og var riktig sikra i bil, ville talet på drepne reduserast med 47 % og talet på hardt skadde med 41 %. Sjølv om ulykkesstatistikken i Hjelmeland viser at det er svært få ulykker, veit me gjennom fartsmålingar gjort av politiet at det er mange som køyrer for fort. Det er også stor grunn til å anta at det skjer køyring i ruspåverka tilstand i kommunen, samt at delen som ikkje er riktig sikra i bil er lik i Hjelmeland som for resten av landet. Når det gjeld risikoåtferd i trafikken er det difor viktig å retta innsatsen mot desse faktorane, også lokalt.   

6.1 Risikoåtferd i trafikken

Nullvisjonen forutset at trafikantane skal ta ansvar for eigen åtferd, gjennom å vera aktsame og unngå bevisste regelbrot. Tal frå Statens vegvesen si ulykkesanalyse-gruppe, viser at for dødsulykker i perioden 2005-2016 var: 

  • For høg fart ein sannsynleg medverkande faktor i 42 % av ulykkene 
  • Rus ein sannsynleg medverkande faktor i minst 21 % av ulykkene 
  • 40 % av dei drepte i bil brukte ikkje bilbelte eller var feilsikra 

Tal frå Transportøkonomisk institutt viser at dersom alle fulgte fartsgrensene, kjørte utan ruspåverknad og var riktig sikra i bil, ville talet på drepne reduserast med 47 % og talet på hardt skadde med 41 %. Sjølv om ulykkesstatistikken i Hjelmeland viser at det er svært få ulykker, veit me gjennom fartsmålingar gjort av politiet at det er mange som køyrer for fort. Det er også stor grunn til å anta at det skjer køyring i ruspåverka tilstand i kommunen, samt at delen som ikkje er riktig sikra i bil er lik i Hjelmeland som for resten av landet. Når det gjeld risikoåtferd i trafikken er det difor viktig å retta innsatsen mot desse faktorane, også lokalt.   

6.1.1 Innsatsområde - fart

Nasjonale mål

Del køyretøy som overheld fartsgrensene

  • 62,1 % i 2019
  • 70 % i 2022

Kommunale tiltak

  • Kommunen som arbeidsgjevar skal påverke sine tilsette i teneste til å opptre med minst mogleg risiko i trafikken 
  • Trafikktryggleik skal vera eit årleg tema i Arbeidsmiljøutvalet 
  • Kommunen skal sørge for at alle einingar er godt kjende med og følger reisereglementet
    • Reglementet skal vera tema på medarbeidarsamtalar, minst eitt personalmøte årleg, samt ved introduksjon av nytilsette
      • Reglementet skal vera ein del av HMS-rutinane, og eventuelle avvik som oppstår under køyring i teneste skal meldast 
  • Alle tilsett som køyrer bil i teneste over 3000 km i året, skal få tilbod om å gjennomføre HMS trafikkkurs, og eit førstehjelpskurs kvart tredje år. 
  • Kommunen som kjøpar av transporttenester skal stille krav til leverandørar om trafikktrygg åtferd 

6.1.2 Innsatsområde - rus

Nasjonale mål

Del av trafikkarbeidet som vert utført under påverknad av alkohol over 0,2 promille

  • 0,2 % i 2016/2017
  • 0,1 % i 2026

Del av trafikkarbeidet som vert utført under påverknad av narkotika over straffegrensa

  • 0,6 % i 2016/2017
  • 0,4 % i 2026

Kommunale tiltak

  • Kommunen skal arbeide aktivt for å forhindre at tilsette er påverka av legale eller illegale rusmiddel i tenesta, og ha dette som eit punkt i reisereglementet 
  • I løpet av planperioden skal det vurderast om alkolås skal vera standard på nye bilar kommunen kjøper eller leaser. Det skal hentast inn erfaringar frå andre kommunar og verksemder før avgjer vert teke. 

6.1.3 Innsatsområde - bilbeltebruk

Nasjonale mål

Del førarar og forsetepassasjerar som bruker bilbelte i lette køyretøy

  • 97,2 % i 2017
  • 98 % i 2022

Del barn i alderen 1-3 år som er sikra bakovervendt i bil

  • 63 % i 2017
  • 75 % i 2022

Del førarar av tunge køyretøy som bruker bilbelte

  • 84,3 % i 2017
  • 95 % i 2022

Kommunale tiltak

  • Kommunen skal alltid velje bussar med 3-punktsbelte ved innleige av bussar til transport i regi av kommunen. 
  • Kommunen skal gjennom reisereglementet ha ei forventing om at dei kommunalt tilsette nyttar bilbelte ved transport i tenesta. 
  • Helsestasjonen skal ha auka fokus på temaet barn i bil, og då særleg på at barna skal sitte sikra bakovervendt til dei er 4 år. 
  • Barnehagane skal gjennomfører tiltak for å auke fokus på sikring av barn i bil. Dette kan til dømes vera gjennom kampanjar eller bruk av materiell frå Trygg Trafikk.  Ved bruk av privat bil til frakt av barn i teneste skal barna alltid vera sikra på tryggast mogleg måte. 

6.2 Befolkningsgrupper

Ulykkesstatistikken viser at risikoen for å bli drept eller hardt skadd i trafikken er ulik for ulike aldersgrupper. Gode haldningar til trafikantåtferd lært i barndommen vert teke med inn i ungdommen og vaksenlivet. I planperioden for Nasjonal tiltaksplan skal det særleg vera fokus på alderskategoriane barn og unge (0-14 år), ungdom/unge førarar og eldre trafikantar.  

6.2.1 Innsatsområde barn

Nasjonale mål

Tal drepne barn (0 - 14 år) i trafikken

  • 4 i 2017
  • 0 (minst eitt år i 2018-2021)

Kommunale tiltak

  • Barnehagar og skular skal i samarbeid med foreldre og føresette ha fokus på trafikktryggingsarbeid og førebygging av ulykker.  
  • Kommunen skal gjennomføre regelmessig vurdering av særleg farleg skuleveg, og ha fokus på å iverksette fysiske tiltak for å betre trafikktryggleiken.  
  • Kommunen skal arbeide for trafikksikre soner rundt skulane. I den samanheng skal det vurderast om Hjartesone-konseptet kan gjennomførast ved skulane.  
  • Kommunen skal avgrense mogelegheita for å køyre inn på skuleområde. 
  • Tilgjengelegheita for å gå eller sykle til skulen skal betrast. 
  • Barnehagane skal ha godkjenning som Trafikksikker barnehage  
  • Skulane skal ha godkjenning som Trafikksikker skule 
  • Skulane skal sørge for god sykkelopplæring i tråd med kompetansemål i Kunnskapsløftet.  
  • Kommunen skal sørge for at tilsette i barnehage og skule har tilstrekkeleg kompetanse til å gjennomføre god trafikkopplæring. 
  • Kommunen skal stimulere frivillige lag og organisasjonar til å innarbeide retningslinjer for reise og transport i si verksemd, og samstundes stimulere til at alle barn vert sikra best mogleg til og frå fritidsaktivitetar.  

6.2.2 Innsatsområde ungdom og unge førarar

Nasjonale mål

Risiko for bilførarar i aldersgruppa 18-19 år for å bli drept eller hardt skadd pr. kjørte km

  • -30 % (reduksjon samanlikna med 2013-2016)

Kommunale tiltak

  • Kommunen skal sørge for at ungdomsskulen har kompetanse til å tilby valfaget trafikk. o Som del av valfaget skal kommunen tilby trafikalt grunnkurs. 
  • I samarbeid med politiet, Trygg trafikk eller liknande skal det på ungdomsskulen informerast om trygg og lovleg bruk av moped, elektrisk sparkesykkel og andre motoriserte køyretøy lovlege for ungdom.   

6.2.3 Innsatsområde - eldre trafikanter og trafikanter med nedsatt funksjonsevne

Nasjonale mål

Risiko for bilførarar i aldersgruppa 75+ for å bli drepen elelr hardt skadd pr. køyrde km

  • -30 % (reduksjon samanlikna med 2013-2016)

Rifiko for fotgjengarar i aldersgruppa 75+ for å bli drepen eller hardt skadd i trafikkulykker pr. gåkm

  • -30 % (reduksjon samanlikna med 2013-2016)

Kommunale tiltak

  • Kommunen skal legge til grunn universell utforming ved planlegging og utforming av parkeringsplassar for personar med funksjonsnedsettingar, gang- og sykkelvegar/fortau og gangfelt, for å ivareta eldre trafikantar og trafikantar med nedsett funksjonsevne. Ved fysisk sperring av G/S-vegar for biltrafikk må det vera god nok plass til at det er mogleg å passere med rullestol eller liknande. Det skal også haldast teorikurs/trafikkurs for eldre, samt gjennomførast eldretråkk.   

6.3 Trafikantgrupper og køyretøy

Trafikktryggleik vil vera eit tema ved gjennomføring av dei alle fleste fysiske tiltak langs og i veg. 
Ved drift og vedlikehald er det eit viktig føremål å oppretthalde ein god tryggleiksmessig standard. Dei fleste investeringar i nye veganlegg og utbetringar av eksisterande vil som regel gi auka trafikktryggleik, sjølv om dette ikkje alltid er hovudføremålet.  

Nasjonalt fokus når det gjeld innsatsen til målretta trafikktryggleiksinvesteringar vil i stor grad konsentrerast om tiltak for å hindra møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker med påkøyrsel av gåande og syklande. Lokalt i kommunen vil fokus for det fysiske trafikktryggingsarbeidet ligg på sistnemnde, gåande og syklande.  

6.3.1 Innsatsområde - fysiske trafikktryggingstiltak

Nasjonale mål

Møtekøyringsulykker og utforkøyringsulykker

  • Del av trafikkarbeidet på riksvegn med fartsgrense 70 km/t eller høgare som føregår på møtefrie vegar 49,3 % i 2018 og 54,1 % i 2022
  • Tal km riksveg med fartsgrense 70 km/t eller høgare som er gjennomgått og som tilfredsstiller minstestandarden i NTP med tanke på å forhindre alvorlege utforkøyringsulykker 1500 km (utbetring i 2018-2023)

Kommunale tiltak

  • Kommunen skal årleg utarbeide ei prioriteringsliste for fysiske trafikktryggingstiltak på kommunal og fylkeskommunal veg, og systematisk arbeide for at desse vert gjennomført. 
  • Kommunen skal årleg utarbeide ei prioriteringsliste for fysiske trafikktryggingstiltak på RV13, og systematisk arbeide for at desse vert gjennomført. 
  • I alle bustadfelt der kommunen er vegeigar skal det skiltast med 30-sone og Barn leikerskilt. 
  • Det skal gjerast ei gjennomgang av fartsgrensene på alle offentlege vegar i kommunen, for å sikre at riktig fartsgrense er satt, og at det er samsvar mellom fartsgrensene på tilstøytande vegar. 
  • Alle reguleringsplanar skal kvalitetssikrast med tanke på trafikktryggleik. 
  • Kommunen skal ha og følgje rutiner for vintervedlikehald og rydding av vegetasjon langs kommunal veg. 
  • Kommunen skal ha rutiner for handtering av trafikktryggingsinnspel frå offentleg mynde, organisasjonar eller innbyggjarane. 
  • Kommunen skal ha rutiner for kvalitetssikring av trafikktryggleiken i samband med anleggsverksemd, både i offentleg og privat regi. 

6.4 Innsatsområde - systematisk og overordna trafikktryggingsarbeid

Kommunen er arealmynde, vegeigar, arbeidsgjevar og eigar av skular og barnehagar, og er difor i ein unik situasjon for å kunne tenke og arbeide med trafikktrygging systematisk og overordna. Det følger av folkehelselova at kommunane skal fremme innbyggarane si helse og bidra til å førebygge skade. Eit godt trafikktryggingsarbeid er vesentleg for oppfylling av denne plikta.  

Nasjonale mål

Systematisk og samordna trafikktryggingarbeid i kommunar

  • Tal kommunar som er godkjente som Trafikksikker kommune var 62 i 2028 og 125 i 2022. 

Kommunale tiltak

  • Kommunen skal vera Trafikksikker kommune. 
  • Kommunen pliktar å arbeide systematisk med trafikktryggleik innafor alle einingar og i samarbeid med næringsliv og frivillig sektor. 
  • Kommunen skal følgje opp Barnas transportplan. 
  • Kommunen skal i samarbeid med politiet drøfte trafikktrygging og førebyggande tiltak