Vakttelefon og trygghetsalarmar er nede

Telia er nede og derfor virkar ikkje vakttelefonen vår. Ring 90227764 enn så lenge. Trygghetsalarmar kjem heller ikkje gjennom til sentralen på omsorgssenteret, så flott om du tek ein tur for å sjå til eldre slektningar, naboar og vener. 

Les meir

Trafikktryggingsplan

4 Ulykkessituasjonen i kommunen

Kommunen har dei siste åra vore heldige og har hatt få trafikkulykker. Dette til tross for at gjennomfartsåra RV13 vert stadig meir trafikkert. Tabellen under viser ulykkessituasjonen dei siste 5 åra: 

Ulykkessituasjonen i Hjelmeland dei siste 5 åra
Grad av skade20182019202020212022Sum
Drepne000000
Hardt skadde101024
Lettare skadde3235114

Antal trafikkskadde og drepne i Hjelmeland, 2018 – 2022. Kjelde: SSB 

Målet om nullvisjonen er altså nådd for fleire av åra i perioden. Med så lite talgrunnlag er det vanskeleg å trekke nokre konklusjonar eller legge nokon strategi på bakgrunn av ulykkessituasjonen.