Plan for kulturminne / kulturarv

5 Nyare tids kulturminne etter 1800 - Tematisk

5.1 Tettstaden Hjelmelandsvågen

Tettstaden strekkjer seg i dag frå Sæbø til Pundsnes. Opphavleg vart den etablert på Sæbøgarden nord for Hjelmelandsåna. På Sæbø er det funne spor av menneskeleg aktivitet  heilt attende til eldre steinalder (5500 år sidan). Det var her «Enighedens Kobberverk» vart etablert og dreve på 1700-talet. I Bygdeboka Hjelmeland2 vert det skilt mellom Sæbø (Nordbygda) og Hjelmelandsvågen, der det siste er namnet på den strandstaden som voks fram på 1800-talet. Skiljet mellom Sæbø og Vågen gjekk på Hauaberget.  I 1801 budde her seks familiar nede ved sjøen. 90 år seinare budde det over 250 personar på staden som fekk funksjon som kommunesenter, båtstoppestad, buområde, handelstad og stad for variert næringsdrift. I 1940 vart store delar av Hjelmelandsvågen øydelagt i samband med flaumen.

Etter kommunesamanslåinga i 1965 fekk Hjelmelandsvågen ny betydning, sjå m.a. kap 3 om bygg.

5.2 Fellesskapen sine bygg

Sjølv om dei ikkje på SEFRAK A-lista, er det fleire bygg som har kulturhistorisk verdi. Ein del har av ulike årsaker ikkje blitt oppdaga under SEFRAK-registreringane. Andre kan vera verdt å hegna om, ikkje nødvendigvis ut i frå alder eller byggestil, men ut  frå særskilte minne eller hendingar som er knytt til bygga.

Fellesskapen sine bygg

Med skulelova som kom på 1860-talet vart omgangsskulene avvikla og erstatta med faste skulebygg, gjerne bygd etter departementet sine typeteikningar for slike. Skulebygg vart reiste i dei fleste krinsane i Hjelmeland, som i Målandsdalen og på Fundingsland. Med sentraliseringa og omlegginga av skuleverket over tid vart talet på skulebygg etter kvart sterkt redusert. Dei siste ti åra er talet skular ytterlegare reduserte, og kommunen står att med ei mange bygg som ein ikkje har bestemt vidare skjebne for. Fleire  av dei gamle skulebygga har fått nye funksjonar som td forsamlingshus, men over tid skjer det også ei sanering av  slike. Samfunnshus og bygg for skyttarlag, losjehus og andre lag er med på å fortelja historia om Hjelmeland. Det same kan gjelda gamle næringsbygg som har husa ulike verksemder over tid.

Turistforeningen sine hytter er eit anna døme på fellesskapen sine bygg. På Nilsebu vart den fyrste turisthytta i Hjelmeland etablert. I årboka deira for 1918 vert det fortalt detaljert om bygging av den neste turistforeningshytta i Hjelmeland, Blåfjell opp av Førre. Blåfjell vert i dag disponert av fjellstyret.

Bedehusa er ei anna type fellesskapsbygg.

Kommunehuset i Vågen (info v/Arne Kleppa)

Fredag 13.desember 1963 var ein merkedag i gamle Hjelmeland kommune. Det nye Hjelmeland kommune-og bankhus vart opna med fylkesmann Paul Ingebretsen som den fremste representanten for innbedne gjester. Georg Vika var ordførar. På opningsfesten fortalde tidlegare ordførar Johne Mæland at det var gått 40 år sidan saka vart tatt opp som tema i kommunestyret. Det var Hjelmeland Sparebank som først kjøpte og sikra tomta for huset der det nå står. Men i mellomtida var det storflaum i Vågen (1940)  som m.a. raserte ein del av tomta som var kjøpt.

Hjelmeland kommune- og bankhus var på mange måtar eit oppsiktsvekkjande bygg i si tid, ikkje minst arkitektonisk utforming, storleik, og at bygget vart bygd for å husa meir eller mindre alle offentlege administrative funksjonar i kommunen. Kommuneadministrasjonen, bank, statlege etater som likning, trygdekontor, lensmann, post og telefon. Kommunestyresalen vart oppfatta som storstilt, ja nærast luksuriøs. Opphaveleg var den delt i to avdelingar med ei gedigen foldedør. I tillegg var det eigen festsal med kjøkken i 2. etg. I fløyen mot elva. Hjelmeland Sparebank hadde eigen separat inngong frå "hovudgata" i Vågen.

Sjølv om bygget ved opninga framsto som overdimensjonert og "prangande", skulle det snart visa seg at vekst og utvikling ville visa noko anna. Kommunereforma i 1965 gav som resultat at nye Hjelmeland kommune frå 1.1.65 ville omfatta tidlegare Hjelmeland, Årdal og Fister kommunar. Ettersom Hjelmelandsvågen skulle vera administrasjonssenteret i den nye kommunen, viste det seg raskt at kommunehuset på ingen måte var overdimensjonert. Kommunekasserarkontoret vart av ulike årsaker lokalisert i Årdal etter kommunesamanslåinga. Når kontoret vart flytta til Hjelmeland i 1979, var kapasiteten i kommunehuset for lengst sprengt, noko som innebar at kontoret måtte lokaliserast i mellombels kontorbrakker på kaisida i Vågen. Alt på denne tida var festsalen i 2. høgda innreia til kontor.

Tidleg på 70 talet vart det klart at Hjelmeland kommune- og bankhus måtte gjennomgå ei omfattande utbygging om ein framleis ville satsa på felles administrasjonsbygg for kommune, bank og statlege funksjonar som i starten. Det medførte at kommunen og banken i 1975 nedsette plan- og byggekomite for utviding av bygget. Dette resulterte i prosjektering av tilleggsbygg med areal på om lag 1 1/2 gong større enn opphaveleg areal. Det nye bygget ville "okkupera" nesten heile friarealet mot elva i høvet til eksisterande bygg.

Hjelmeland kommunestyre gjorde likevel tidleg i 1979 vedtak om at nytt byggeprosjekt ikkje skulle realiserast. Dette medførte m.a. at Hjelmeland Sparebank måtte finna andre alternativ. Kort fortalt resulterte dette i eige bankbygg i Prestegarden, som vart opna 2. mai 1983. Statlege kontor fekk nye kontor i det nye bankbygget, post og telefon flytte ut, og kommunekasserarkontoret fekk plass i banken sine gamle lokal i kommunehuset.

Trass i frigjering av omfattande areal i kommunehuset vart det stadig for lite. Dette sjølv om det nå for lengst berre var kommunen sitt eige behov som skulle stettast. Vidare var det slik at sjølve bygget, innvendig som utvendig hadde behov for opprustning. Sentrale funksjonar som ventilasjon m.v. måtte gjennomgå radikal  rehabilitering. Dette kombinert med ei meir funksjonsvenleg innretning av romstrukturen i bygget, og ikkje minst korleis ein kunne innfri eit stadig større behov for meir kontorareal. Planlegging for slik gjennomføring gjekk føre seg i 1993/94, med mange ulike alternativ undervegs. Det kan her nemnast at det m.a. var forslag om å innreia kommunestyresalen til kontor, utbygging mot elva som i 1978, og at eksisterande bygg skulle ombyggast med saltak ! Enden på "visa" (heldigvis), vart eit lite påbygg mot moloen (del av planen i 1978), samt nødvendig rehabilitering innvendig med kommunestyresalen intakt. Dette er i hovudsak kommunehuset slik det står i dag både inn- og utvendig.

Aukande rombehov  for kommunesektoren er delvist løyst gjennom "Vågahuset" som var eit fellesbygg oppført av Samvirkelaget og kommunen (seinare overteke av kommunen), og i Helsehuset på Prestegarden.

Det opphavelege Kommune-og Bankhuset oppført i 1962, er teikna og prosjektert av Sivilarkitekt Endre Aarreberg. Det same arkitektfirma vart nytta ved utbygginga og rehabiliteringa i 1995.

Kostnaden i 1962 inkl. inventar var ca 900.000.

 

 

Bedehus

Det eldste bedehuset i landet vart bygd i Hjelmelandvågen så tidleg som i 1840, to år før Konventikkelplakaten faktisk vart oppheva. Etter vart det bedehus i dei fleste krinsane i Hjelmeland

På Randa på Randøy vart det i 1916 bygd eit privat «gårdsbedehus» av brørne Lars og Ola Randa; «Siri og Lars Randa Minde». Bygget står heilt autentisk den dag i dag, og er i førre kulturminneplan prioritert høgt på lista over bygg som er verde å ta vare på. Jøsneset er det eldste noverande bedehusbygget,  reist i 1913. Det er framleis i bruk.

Liste over bedehus:  Årdal (1869, nytt i 1911 og i 1987), Nessa (1928, reve), Dalen i Årdal (1919), Fister (1960), Askvik (1938), Øye (1936), Randa (1916), Sandanger (1928), Hjelmeland (1840, nytt i 1849), Vormedalen (1928), Jøsneset (1913), Jøsenfjorden (1955), Skår (1955). Jøsenfjorden bedehus vart vigsla til kapell 1956.

 

Nedlagte skular tekne i bruk til bedehus: Fundingsland (skulen nedlagt 1951, bygd 1899), Fisterneset (skulen nedlagt 1954), Tuftene (skulen nedlagt 1962), Ingvaldstad (skulen nedlagt 1963).

5.3 Samferdsel

Sidan Hjelmeland vart etablert som kommune i 1838, har arbeid for betre samferdsel stått høgt på dagsorden. Kaiar, bruer og vegar var nødvendige for å få utvikling i bygdene. Dei gamle sjoarvegane var viktige for å få folk ned til fjorden slik at dei kunne dra vidare. I Tøtlandsvik finn me den gamle sjoarvegen frå garden Vormeland, framleis tydeleg å sjå i fjellsida. Når haugianarkvinna Helga Vormeland reiste for å tala i forsamlingane, var det på sjoarvegen til Tøtlandsvik reisa starta.

5.3.1 Rutetrafikk på sjøen

Den fyrste rutebåten vart sett i drift på Ryfylkefjordane i 1855. Då var berre Hjelmelandvågen på lista over stoppestadar. I 1920 var dette utvida til 25 stader i Hjelmeland,  Fister og Årdal. Fjordatrafikken og båtane er godt dokumenterte gjennom ei rekkje bøker m.a. av Njål Tjeltveit.

Gamle trekaier vart etter kvart erstatta av brygger i stein. Ny 20m kailine i Melsosen i Årdal vart ferdig bygd i 1907, finansiert av kommunen med støtte frå amtet.

Jøsenfjord Rutelag og «Jøsenfjord»

Særleg småkrinsane var misnøgde med rutetilbodet til Stavanger. I 1916 tok tre karar frå Jøsenfjorden; Johannes Hauge, Åke Hauge og Østen Dale initiativ til å byggja ein båt i Jøsenfjorden ved hjelp av innleigde båtbyggjarar frå Hardanger. Båten  MK «Jøsenfjord»  sette dei inn i rutefart til Stavanger. I 1920 vart reiarlaget «Jøsenfjord Rutelag» skipa, som eit folkeaksjeselskap. Då hadde Åke og Øystein trekt seg ut og overlatt sine eigardelar til brørne Magnus og Johan Kaldheim, og Kittil Førre. Det nye rutelaget erstatta i 1929 lokalbygde «Jøsenfjord»- seinare «Saudafjord»-  med ein innkjøpt større båt med metallskrog: «Lindesnæs». «Lindesnæs» vart omdøypt til MS «Jøsenfjord». Denne vart nyleg kjøpt attende til Rogaland som veteranbåt, og er i ferd med å bli restaurert med støtte frå Riksantikvaren. Ei veneforening; «Nye Jøsenfjord rutelag» er etablert.

 

 

 

5.3.2  Vegar og bruer

Prestavegen mellom Hjelmeland og Årdal er rekna som eit fornminne frå eldre tider, men vart i hovudsak bygd ut som rideveg tidleg på 1800talet. Det var den vegen prestane tok når dei skulle ha preikesundag i Årdal. Delar av Prestavegen langs Riskedalsvatnet vart i 2016 gjenopna som turveg. Det finst ein god skriftleg dokumentasjon om kvalitet på vegen frå eldre tider, og klagemål frå prestane som skulle nytta den. Eit nyare hefte skildrar vegen meir i detalj.  Sokneprest Thaulow endte sine dagar etter skade og sjukdom som følgje av fall frå hest i samband med gudsteneste i Årdal 2.påskedag 1858.

Det fyrste nyare vegprosjekt i Hjelmeland var bygging av veg frå Vågen til Hetlandsvatnet på Hjelmelandsfjellet. Den var ferdig i 1883.

Vegen mellom Årdal og Fister var ferdig i 1896, og vegsamband mellom Fister, Årdal og Hjelmeland var på plass så tidleg som i 1905.

Vågabrua og flaumen i 1940

Den fyrste brua over elva i Hjelmelandsvågen vart bygd på 1840-talet. Den vart erstatta av ei bru i stein og betong i 1904. Denne brua for i flaumen i 1940, og ei ny bru delvis basert på dei gamle brukara, vart bygd etter flaumkatastrofen.

Flaumen var ein stor katastrofe for Vågen, sjølv om ikkje menneskeliv gjekk tapt. Fleire bygg, m.a. meieriet, og pensjonatet vart øydelagt i flaumen i november. Delar av den gamle kyrkjegarden samt det aller fyrste bedehuset flaut på sjøen.

Viglesdalsvegen

Viglesdalsvegen var bygd som driftaveg, finansiert av Staten (50%), fylket (25%) og Årdal kommune (25%). Opphavleg skulle vegen gå heit fram til Nilsebu, men planane vart justerte og korta inn. Den var ferdig i 1912, og vart drifta som fylkesveg heilt fram til 80-talet då kommunen overtok. Føremålet var å driva dyreflokker til beiteområda i heiane. Nyleg vedtok kommunen å inngå forhandlingar med grunneigarar og turistforening om mogleg nedklassifisering frå kommunal veg.

Ryfylkevegen og ferje over Jøsenfjorden

Sommaren  1965 vart det nye ferjeleiet Tøtlandsvik –Vindsvik teke i bruk med den nybygde «Jøsenfjordferjen». Dette var omtrent den siste byggesteinen i arbeidet for å få samanhengande riksveg frå Sandnes til Sand, den nye «Ryfylkevegen». 25 år seinare vart ferjeleiet flytt ut i fjorden til Sande på Hjelmeland, og Ombo vart påkopla. Då hadde  vegane langs Jøsenfjorden si nordside vore  klare sidan 81. Då ferjeleiet vart opna i 1965, var det berre garden Indre Eiane som fekk vegutløysing.

Randøy bru

Randøy bru vart opna av kong Olav i 1976 saman med dåverande ordførar Arne Hetlelid. Brua kosta 11 millionar.

Bussruter

I 1930 fekk Hjelmeland Rutebilaksjeselskap konsesjon for rutetrafikk på strekningane Hjelmeland-Årdal og Hjelmeland-Vormedalen-Funningsland. Seinare overtok Jøsenfjord Rutelag desse bussrutane også. Edvard Austigard starta opp md rutetrafikk på den nybygde vegen mellom Årdal og Tau i 1938. I 1940 ruta overteken Ryfylkevegens billag som var stifta av Jøsenfjord Rutelag og Det Stavangerske Dampskipselskap i fellesskap.

5.4 Industri og handtverk

5.4.1 Ullvare

Spinneriet

Ut over 1800-talet var veving, farging og stamping av vadmål eit heilt industrieventyr for Hjelmeland. Kvinnene spant og vov heime, så vart tøyet stampa i ei vadmålsstampe, og farga. Sokneprest Thaulow meinte det vart seldt rundt 20.000 alner vadmål frå Hjelmeland i 1840. Vel tretti år seinare drog åtte mann i gong industriforetaket «Hjelmeland Interessentskab», i dag kjent som bygningen «Spinneriet».  Etableringa sleit økonomisk, og i 1896 overtok «Hjelmeland uldspinderi og elektricitetsværk».  Sidan har det vore drive ulike typar industriproduksjon i Spinneriet, m.a. hermetikkindustri, kraftverk, jærstolfabrikk og treskofabrikk. På åttitalet var det tale om smoltanlegg i Spinneriet. Med knappast mogleg fleirtal vedtok kommunestyret i staden å gjera Spinneriet om til kulturbygg.

5.4.2 Jærstol og sponkorger

Dei aller fyrste jærstolane vart produserte av Johannes Hetlelid (1869-1944) på garden Hetlelid sør av Svadberg i Årdal på slutten av 1800 talet. Johannes og familien flytte til Tveitå på Laugaland og heldt fram med produksjonen der. Hetlelid jærstolfabrikk  i Vormedalen starta i 1899. Seinare kom jærstolindustri fleire stader. Aksel Hansson og svogeren Halvard Slaake starta i Spinneriet i 1938. Etter flaumen i elva i 1940 brukte dei restane av det gamle pensjonatet  i Vågen til å byggja opp ny fabrikk ved nedre enden av Steinslandsvatnet. Etter nokre år skilte dei to svograne lag, og gjekk vidare med kvar sin fabrikk.  Desse; Slaake trevare og Aksel Hansson AS, er dei fabrikkane i kommunen som produserer Jærstol i dag.

Ved ferjeleiet på Sande har produsentane i samarbeid med kommunen sett opp «Verdas største jærstol». Namnet jærstol kjem av at det i starten vart nytta siv frå Jæren til flettinga.

Jærstolen har i mange år vore eit signaturprodukt frå Hjelmeland. Me har vore «jærstolkommunen».

5.4.3 Sølvsmedmiljø

Gullsmed Jacob Tostrup og sølvsmedmiljøet i Hjelmeland

Heilt i starten på 1800-talet vart etablert sølvsmedmiljø på Hjelmeland. Svensken David Lundberg etablerte seg her og gifte seg med dotter på Sandegarden, Karen Bolette, i 1816. Ludvig Munthe og Andreas Sandsberg vart lærte opp av han. Sandsberg vart seinare kjent for sine flott sølvkanner, og for sin innsats som kommunen sin fyrste ordførar.

Jacob Tostrup (1806-1890) som skulle bli ein av dei mest kjente gullsmedane i Noreg, vart fødd på Sandegarden. Han fekk kjennskap til sølvsmedfaget av sin onkel David Lundberg og av Andreas Sandsberg (altså fyrste ordføraren i Hjelmeland), og gjekk i lære hjå Sandsberg i fire år før han kom i vidare i lære hjå gullsmedmeister Christopher Desingthun i Bergen. Seinare dro han m.a. til tsaren sitt hoff i St Petersburg, og etablerte stor gullsmedforretning i Oslo. Tostrupbygget nærast Stortinget stod han bak.

5.4.4  Berg, stein og grus

Skiferbrot

På Randa vart det i starten av 1800talet starta opp med skiferbrot. Steinen vart sendt til Stavanger, der mykje av den vart nytta i Steinkarkaien. I 1895 fekk Carl Trygstad, Bergen, einerett på uttak av skifer på Randa. Etter kort tid vart kontrakten overført til nokre andre bergensarar, og produksjonen etter kvart overført til Kåda på Randøy. I 1900 var det 40-50 arbeidarar som arbeidde  i skiferbrota her. Så gjekk drifta i bølgjedalar, nedgong etter 1910 og ny giv i 1920. I Kådavagen vart det bygd kai, og dit kom farty for å henta skifer.

Pukkverk på Øvrehus på Fister

I åra 1912 til 23 vart det dreve pukkverk på Øvrehus på Fister. Det var Stavanger stenindustri as som stod for drifta.

Kiselgur på Nessa

Engelskmannen A. Pitcon fekk i 1912 løyve frå Årdal kommunestyre til å driva uttak av kiselgur på Nessa. Selskapet som start opp drifta heitte Pictons Diatomemite Concessions. Stoffet vart nytta som industrielt råstoff m.a. i produksjon av kosmetikk og dynamitt. Etter at det vart gravd kanal frå myra og ned til Nessavatnet for å tørka ut myra, kunne utvinninga starta. Kiselguren låg under eit lag med torv. Så vart Kiselguren brent (opp til tre månadar om gongen, med ei fæl lukt), før den vart knust og lagt i sekker. Støvet vart eit arbeidsmiljøproblem. Hest og slede vart nytta for å få sekkene fram til Nessakaien for vidare båttransport. På det meste arbeidde 17 personar i utvinninga, som vart avvikla ved andre verdskrigen.

Sand og grus

I 1935 starta «Jøsenfjord sandtak» opp på Øvre Hauge i Jøsenfjorden. I løpet av eit par år  vart det starta opp sandtaksdrift langs sjøen på alle fire gardane på Hauga, og i nyare tid også på gardane på Vadlasida. I dag driv Norstone sandtak på Vadla og Østerhus, med utskiping frå Hauga. Sandtaksdrifta i Årdal starta i hovudsak etter krigen, men det finst også spor etter drift ennå tidlegare. Frå Årdal er det levert sand til m.a. Øresundbrua. Ei periode vart det dreve sandtak i Vormedalen. Sand herifrå gjekk i stor grad til bygging av større oljeinstallasjonar til Nordsjøen.

5.4.5 Kraftproduksjon

Oppkjøp av vassrettar

Rundt og like etter 1900 gjekk det føre seg omfattande oppkjøp av vassrettar for straumproduksjon. Det var reine «klondyke»-tilstandar med mange spekulantar i sving. I 1912 vedtok Stortinget å kjøpa vassrettane knytte til Ullaelva. Like etter krigen kjøpte Staten også rettane knytte til Førreelva. Likevel vart ikkje denne kraftutbygginga realisert før på syttitalet.

Same omfattande oppkjøp som i Jøsenfjorden skjedde også i Årdal. I 1909 fekk AS Lysefjord konsesjon utbygging av Storåna. På det tidspunktet var det planar om bygging av salpeterfabrikk i Årdal. Det vart det ikkje noko av. Årdal kommune fekk i mange år (1916-33) erstatning for ei kraftutbygging som det i den perioden ikkje vart noko av.

Kraftverk i Spinneriet

Hjelmeland Uldspinneri og elektricitetsværk AS starta opp privat elektrisitetsverk i Spinneribygget i 1913. Straum vart nytta til å få lys. Hjelmelandvågen var det einaste bygdelaget i kommunen  som hadde elektrisitet før 1920.

Ulla Førre og Førrevassdammen

Som nemnd over, vedtok Stortinget i 1812  å kjøpa opp vassrettane knytte til Ulla Førre.  Konsesjon vart gitt ved kongeleg resolusjon i 1974, og same år vart anleggsarbeidet starta opp. Førrevassdammen, som demmer opp magasinet Blåsjø mot Førrejuvet, ligg i grensa mellom Suldal og Hjelmeland. Dammen, som er laga i massiv betong, vart bygd i åra 1982-1986, og er Nordens største betongdam med eit volum på 260.000m3. Største lengde er 1300m, høgde er 98m og breidde er 15 m. Den midtre delen er bygd som ein dobbelkrumma hvelvdam. I 1989 vart byggverket tildelt «Betongtavlen- for fremragende byggearbeid i betong». Betongtavlen er ein ærespris som vert utdelt av Norske arkitekters landsforbund og Norsk betongforening til byggverk «der betong er anvendt på en miljømessig, estetisk og teknisk fremragende måte». Førrevassdammen vart  teikna av Ingeniør Chr.F.Grøner AS for Statkraft.

5.5 Fiskeri og oppdrett

5.5.1 Hundsnes – eit fiskerisenter

Mikal Viga vart fødd i 1874 på husmannsplassen Vigavågen. Han starta som notbas på ein båt som Bjelland i Stavanger åtte. Etter kvart gifte han seg og kjøpte gårdsbruket i Askvik nær Hundsnes. I 1907 kjøpte han seg motorbåt. Viga gjorde det godt og investerte også i anna næring. På Hundsnes bygde han opp ei omfattande verksemd med to stor sjøhus, to notheng, barkeri og røykeri. Han åtte mange båtar.

Rundt 1.verdskrigen var det rundt 200 personar i Hjelmeland som hadde fiskeri som næring. Brislingfisket og vårsildfisket var dei store fiskeria. Båten frå Hundsnes dreiv i tillegg sildefiske ved Island. Mange mann vart sysselsett på Mikal Viga sine båtar og bruk.

På Hundsnes har Trygve Mikal Viga etablert ei fiskerihistorisk samling i privat regi.

Giljefiske (sitjenot)

Giljefiske er ei spesielt type fiske etter makrell. Nota vert styrt frå land. Giljefiske skjer framleis i Hjelmeland i dag, ma. med anlegg langs Jøsenfjorden og på Ombo.

5.5.2 Oppdrettsnæringa

I 1972 starta Malvin Viga med oppdretta av aure i notposar i sjøen. Same året starta også Anders Romsbotn på Sandanger og Mikal Viga opp prøveproduksjon. Det gjekk trått og smått på grunn av problem med avsetning. Men frå 1978 og utover vart det satsa tyngre, og avsetningen gjekk likare då Fiskeoppdretternes salslag vart oppretta same året. Folk med bakgrunn i spesialisert husdyrproduksjon (egg, pelsdyr) eller med bakgrunn i fiskeriene satsa tungt og lukkast. I 1981 vart slakteriet på Hundsnes etablert. På Fister etablerte suldølen Lars Litlehamar smoltanlegg så tidleg som i 1977. Etter sjukdom og algeutfordringar i stund på åttitalet, har oppdrettsnæringa utvikla seg til å bli ein stor hjørnestein i næringslivet i Hjelmeland. Ein ny fase i oppdrettsnæringa skjer for tida ved at det vert etablert postsmoltanlegg på land, for å få kortare tid i sjøen. Slagordet «368 from smolt to plate» symboliserer at det er eit mål å ha laksen berre eit år i sjøen, så treng den 3 dagar i tillegg for å nå forbrukar.

Driftsformene har etter kvart endra seg kraftig, og Jøsenfjorden er teke i bruk til oppdrett etter ein kamp mot statlege styresmakter på nittitalet.

Kveita

Like før tusenårsskiftet starta oppdrett av kveite hjå oss. Kveite frå Hjelmeland er etter kvart blitt eit nytt signaturprodukt frå kommunen år, og er eit populært råstoff ved store kokkekonkurransar som td « Bocuse d'or». Sterling White Halibut driv kveiteproduksjonen frå anlegga i Tøtlandsvik og Vassvik.

5.5.3 Laksefiske i elvar og vassdrag

Laksefiske i elvar har lang tradisjon i kommunen. I Ulla leigde  engelskmannen Archer opp lakserettar før århundreskiftet.  I Årdal har også laksefisket vore ein viktig rett som mange gardar har del i. Kraftutbvygging har vore eit stor utfordring begge stadar.

5.6 Landbruk

Mangesysleriet er vel det viktigaste kjenneteiknet på Hjelmelandslandbruket. Bøndene har dreve med mange ulike produksjonar. Sjølv om spesialisering har blitt meir vanleg etter krigen, er det framleis vanleg at bøndene i Hjelmeland drive med fleire ting. Mange har etter kvart også teke seg jobb utanom garden.

5.6.1 Husdyrkommunen

Egg og pels

Etter andre verdskrigen vart det meir vanleg med kraftforkrevjande produksjonar. Innafor eit avgrensa område som Randøy var det mange driftige bønder som satsa tungt på egg og pelsdyr, produksjonar som baserte seg på tilført for og stor fagkunnskap. Dette kompenserte for små bruk med tungvint beliggenhet. Før konsesjonsreglar vart innførte med maksgrense 2000 høns pr bruk, hadde Anders Romsbotn etablert eit hønseri med 22000 høns. Fleire av husdyrbøndene på Randøy satsa vidare på fiskeoppdrett når det kom.

Beitenæring

Sau og geit har vore viktige næringar i alle år. Geitehaldet er i dag heilt borte, mens sauen er meir talrik enn nokon gong. I mange år leigde bønder i Hjelmeland ut geiteflokkane sine til bønder i Røldal, som stod for melking og ysting. Viglesdalsvegen vart i si tid bygd for å forenkla frakt av drifteflokkar aust vest.

5.6.2 Frukt og bær

Røtene til hagebruket i Hjelmeland går attende til 1700-talet. Sorenskrivar Barth på Knutsvik hadde ein hage på 7,5 da, full av både frukttre og prydbuskar- Sokneprestane Thaulow og Hofgaard snakka fram hagebruket på 1800talet, og mellom andre Kristen Selvaag, bonde  på Sande, stod for innkjøp av frukttre frå Kristiania og Hamburg. I 1907 var der 19000 frukttre i prestegjeldet og Hjelmeland var blitt den største fruktkommunen i fylket. Denne posisjonen har kommunen halde sidan. Fruktbønder frå Hjelmeland deltok på ulike landsutstillingar og gjorde det godt der.

Selvaag på Sande var også stor på bærproduksjon og handel med bær. Han skal ha mykje av æra for at det kom i gong bæreksport til Newcastle. Leveransane skjedde i femliters sponkorger med lok og hank. Varene vart sende til Bergen og vidare med Englandsbåten derifrå. 

 Produksjonsvolum og teknikkar har gått i bølgjer. På syttitalet var det ei sterk omlegging i dyrkingsteknikk som førte til ei ny oppbløming. Dei siste par åra har heilt nye produksjonsformer revolusjonert dyrkingsteknikken ennå ein gong. Utvikling av eplemostproduksjon har gitt heilt nye dimensjonar til fruktproduksjonen. I 1974 oppretta kommunen stilling som heradsgartnar, ein funksjon som heldt fram i vel 25 år.

5.6.3 Skog og julatre

I kap 1.2.1 er det fortalt om den store trelasthandelen som fann stad på 1600-talet då skutar frå kontinentet og Skottland handla trelast i Ryfylke. Som del av det omtalte mangesysleriet på garden, har skogen også hatt ein viktig plass. Ved inngangen til 1800talet var det sju sagbruk i Hjelmeland, fem i Årdal og eit på Fister. Det var ei utfordring i dei tider med for sterk hogst. Trelasthandelen med Jæren hadde ofte preg av bytehandel.

Etter krigen vart det i offentleg regi satsa tungt på skogreising i form av granplanting. Fruktene av det vert hausta i våre dagar.

Julatre er ein spesialisert produksjon i grenselandet mellom skogbruk og hagebruk . Det er veldig gode  klimatiske forhold for julatreproduksjon i Hjelmeland, og godt fagmiljø. Frå syttitalet har produksjonen auka kraftig, men tendensen er som i andre produksjonar, større fagleg spesialisering. Særleg fjelledelgran egner seg veldig godt for dyrking i Hjelmeland, og eksport er fullt mogleg.

5.7 Krigsminne

Ein har tidlegare nemnt at Hjelmeland var sentral i forsvaret knytt til «Ryfylkske kompani», og om ekserserplassen på Flådene på Sæbø (sjå avsnitt 1.2.1). Elles er krigsminne i Hjelmeland i hovudsak knytt til 2.verdskrigen 1940-45. Njål Tjeltveit og Trygve Brandal har skrive ei eiga bok om krigsåra i Hjelmeland.

Rundt om i kommunen er det fleire stader og bygg/anlegg som ei historie knytt til krigsåra.

Flaumen i Vågen november 1940

Natt til 26.november 1940 vart Hjelmelandvågen råka av ein stor flaum, og brua og mange bygningar og anlegg vart øydelagde. Noko av årsaka til skadeflaumen kan ha vore at ein nytta stein frå elva til å laga molo. Flaumen fekk avgjerande betydning for vidare utvikling av området, og «rydda» m.a. veg for bygging av kommunehus 25 år seinare.

Smeden frå Hjelmeland

Smeden Georg Fjellberg vart i 1941 avretta av tyskarane for å ha oppbevart våpen ulovleg. Med Fjellberg var også sakførar Hallvard Laugaland i Hjelmeland. Få månadar seinare fekk tre andre hjelmelandsgutar same skjebne; Birger Åsland, Magnus Tuntland og Oliver Mjølhus. Høgsterettsadvokat Leif Rohde, skreiv i samband med den summarisk rettssaken mot Fjellberg eit hyllingsdikt kalla «Smeden frå Hjelmeland». Det er ei eiga minnestøtte for Fjellberg plassert ved fylkesvegen like oppføre Hjorteland i Suldal. For dei tre siste vart det reist ei minnestøtte ved Hjelmeland kyrkje.

Fristaden Førre

I aprildagane 1940 flykta den engelske konsulen Thomas Spencer med følgje på i alt 11 personar til Førre, og fekk skjul der i fleire veker. Seinare vart dei smugla vidare til Bømlo og England. Fleire førrefolk var aktive i motstandsrørsla. I 1944 døydde ungdom Jon Førre av poliomelitt. Dagen før gravferda kom tyskarane til Førre, gjorde arrestasjonar og åt opp det meste av gravferdsmaten. Fleire arrestasjonar vart gjort på Vadla, og fleire vart sendte til fengsel på Grini.

5.8 Natur og landskap med historie

Hjelmeland kommune har eit aktivt kulturlandskap – med spor på godt og vondt av menneskeleg aktivitet gjennom tidene. Ulike driftsformer i landbruket gir ulike landskapsuttrykk. Det at beiteressursen vert mindre brukt, og bruk nedlagde, fører til attgroing. Ei kartlegging og presentasjon av fråflytte og veglause gardar er under arbeid i privat regi.

Kydlestuvane i Målandsdal

«Verner natur med motorsag» heitte det på 90talet då kommunen starta opp skjøtsel av det verna kydlestuvområdet i Målandsdal. I dag er det Fylkesmannen i Rogaland som har ansvaret for forvaltningsa av dette interessant området.

Skomakarnibbå

Skomakarnibbå er eit turmål og eit utfordrande fjellparti på kanten mot Jøsenfjorden mellom Hagalid og Tøtlandsvik. Det er knytt eit gamalt segn til nibbå;  om skjebnen til ein dødsdømt skomakar, og om brurefølgje som ror ut fjorden. Skomakarnibbå har potensiale til å bli eit internasjonalt turmål.

Osmundshabn

Ved fjorden aust for Tøtlandsvik ligg naturformasjonen «Osmundshabn», ei slags skar som går frå fjorden og til topps, og  som det også er knytt segn til. Mindre turistbåtar går innom Osmundshabn når dei skal visa fram Jøsenfjorden.

5.9 Helletaka

Helletaka er eit bygningstrekk som er typisk for Hjelmeland. Helletak vert også nytta andre stader i landet, men teknikken som har vore nytta her, altså måten hellene er lagde på, er spesifikk for vårt distrikt. Fleire av SEFRAK-bygga har helletak, som i museumstunet i Viga.

5.10 Anlegg og minnesmerke

Forbygging mot flaum og erosjon i Auklandselva, Skår på Ombo

På NVE si liste over kulturminne finn me flaumsikringa i Auklandselva på Ombo, ferdig i 1938. Flaumsikringa kom på plass etter den store flaumen der i 1936. Dette er truleg eit av dei eldste forbyggingsanlegga som er laga på øyane i Noreg. Anlegget framstår framleis som autentisk og har ei estetisk god utforming.         

Minnesmerke 17.mai (1814) og 1905

Minnestøtter oppførte i samband med 100-års jubileet for 1814, og i samband med oppløysing av unionen i 1905 finst fleire stader i kommunen. Ved Fjordahuset i Jøsenfjorden står det ei slik støtte reist av Jøsenfjorden ungdomslag i 1914.   I samband med 200årsjubileet for grunnloven vart det «blåst støv av» ein del av desse støttene.

Johannes Arneson - bysta

Johannes Arneson (1865-1967) var lærar, skulestyrar og forfattar som har fått sitt minnesmerke i form av ein byste ved kommunehuset. Han ga ut fleire lokalhistoriske bøker. Særleg kjende er «År eg minnest, menn eg møtte» og «100 år og minnest mangt»

«Northern Winds» og skulpturane frå sommarleiren

Sommaren 2010 kom det i stand eit samarbeid mellom ei internasjonal kunstnarorganisasjon, Spahotellet og Hjelmeland kommune om eit sommaropphald for ein del norske og utanlandske kunstnarar på hotellet. Sommaren vart nytta til arbeid med steinhogging. Opphaldet vart eit spleiselag mellom et offentlege og private, og resultatet vart fleire skulpturar med bakgrunn i lokal Randøystein som i etterkant er plasserte ut i området frå Sande til Hjelmen. På toppen av Hjelmen med utsikt over fjorden vart kvinneskulpturen «Northern Winds» av Santos Carvalho utplassert i 2011. Det er laga ei turløype med utgangpunkt i desse skulpturane, kalla «Skulp-turen».

Førrevassdammen

Sjå avsnitt 2.6 om Ulla Førre og Førrevassdammen.