Du har rett til busetting etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om du:
- har fått asyl og dermed har status som flyktning
- er overføringsflyktning
- har fått kollektivt vern
- har fått opphald på humanitært grunnlag etter ein søknad om asyl
- er familiegjenforeint med ei av gruppene ovanfor
Før busetting
Har du eit ønske om å registrera deg som asylsøkar i Noreg, må du registrera deg ved Nasjonalt Ankomstsenter på Råde. Som asylsøkar vil du få tilbod om å bu på asylmottak i påvente av svar på søknad om asyl.
IMDi avgjer busetting i dialog med kommunen du skal busette deg i. Om det blir hos oss, avtalar me tidspunkt for busetting med det asylmottaket du er på.
Personar som oppheld seg privat i påvente av opphaldsløyve får ikkje økonomisk støtte frå kommunen.
Ved busetting vil du få tilbod om
- bustad og etableringspakke etter behov
- økonomisk støtte frå NAV etter behov
- barnehage og skule til ungane
- norskkurs
- introduksjonsprogram
- informasjon om frivillig arbeid
- kontaktperson som koordinerer og følger opp tenester
- oppfølging av kontaktperson
Introduksjonsprogram
Hovudmålet med introduksjonsprogrammet er å førebu deg på kommande yrkesliv eller utdanning.
Introduksjonsprogrammet er i nabokommunen vår, Strand kommune, og vaksenopplæringa ligg på Jørpeland. Deltaking i introduksjonsprogrammet skal først og fremst gje grunnleggande ferdigheiter i norsk språk. I tillegg skal det gje grunnlag for forståing av norsk samfunnsliv.
Programmet kan vara frå tre månadar til fire år. Varigheita på programmet blir avgjort etter utdanningsbakgrunnen din.
Deltaking i introduksjonsprogram
Du har rett og plikt til å delta i programmet dersom du er flyktning mellom 18 og 55 år. Du kan i dialog med deltakarane delta i programmet dersom du er eldre enn 55 år.
Dersom du har kollektivt vern har du rett, men ikkje plikt, til å delta i introduksjonsprogrammet.
Det same gjeld for familiemedlemmer som kjem seinare til landet.
Innhald i programmet
- opplæring i norsk og samfunnsfag
- kurs i Livsmeistring i eit nytt land
- foreldrerettleiing
- arbeidsretta- eller utdanningsretta aktiviteter
- integreringsfremmande innhald
Som deltakar i programmet får du
- tett og individuell oppfølging
- økonomisk støtte
- rettleiing i karrieremoglegheiter
Kan bedrifta di tilby praksis?
Ta kontakt med ein av dei tilsette i flyktningtenesta dersom du eller bedrifta di kan tilby språkpraksis til ein deltakar i introduksjonsprogrammet. Ved å tilby språkpraksis bidreg bedrifta til at flyktningane får verdifull arbeidserfaring, samt auka høve til å lykkast i arbeidslivet. I tillegg vil bedrifta få hjelp til å utføra ordinære arbeidsoppgåver og får ein ekstra ressurs i ein travel arbeidskvardag.