Gratisbutikk

I Hjelmelandsvågen har me ein gratisbutikk som alle i kommunen kan nytta seg av. Du finn butikken i 3. etasje i Vågahuset. 

Me har ope onsdagar og fredagar klokka 10:00-14:00. 

Me treng stadig påfyll av klede og sko, så alle er hjarteleg velkomne til å levera. Butikksjefen vår, Tetiana, er på jobb kvar fredag klokka ti til tre. Ho dreiv butikk i Ukraina og er takksamt for alle som bidreg.  

Det er også mogleg å levera klede og sko på andre tidspunkt ved å ta kontakt med ein av dei tilsette i flyktningtenesta eller lever kleda i biblioteket.

Me tek berre imot klede og sko som er reine og heile. 

Me har dessverre ikkje høve til å ta imot andre ting på grunn av plassmangel.