Overnattingstur til Melandsgrønahei

  • Hending

Overnattingstur til Melandsgrønahei

Dato

Lørdag 29. august 2026 - søndag 30. august 2026

Tidspunkt

kl. 10.00 - 17.00

Stad

Melands Grønahei

Last ned kalenderfil (.ics)

Bli med på ein flott fellestur til den nyoppussa, sjølvbetjente turistforeningshytta MelandsGrønahei i vakker Hjelmelandsnatur.

Start frå parkeringsplass Kleivaland kl 10.00 laurdag 29. august.  Startpunkt ca 250 moh.

Turen opp på laurdagen går via Svodene på sørsida av Austmannshovudet: Først ca 4 km på grusveg, deretter ca 5 km på sti i ulendt terreng til med møter turistforeningsruta ved Raudkleiv. Deretter på betre sti siste ca 3 km inn til hytta. Høgdestigning frå p-plass: ca 250 moh til 850 moh.

Vel framme på hytta blir det eit forfriskande bad for dei som vil det, eller berre kos i hytteveggen for dei som vil det.  

Felles middag kokkar me i lag laurdags kveld. 

Retur ned på søndagen starter ca 3 km i same sporet som me kom opp, til Raudkleiv. Derfra fortset me i turistforeningsløypa via Stropatølvatnet og Bjødnabu. Nede ved Lølimyra tar me av frå turistforeningsløypa, for ein avstikkar opp mot den flotte gapahuken med utsiktspunkt utover Ritlandskrateret. Deretter på enkel skogsveg/sti ned til p-plass Kleivaland igjen. Lengd retur ca 11 km.

Ta med gode sko og klær/utstyr etter værforholda, dagsturmat til deg sjølv + drikke og knask. Det er dyner/puter på hytta, men alle må ha med lakenpose/sengetøy eller sovepose.

Meld deg på på heimesida til turlaget.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Melands Grønahei