Førjulshelg med kafe i Galleri Hagalid

fredag 26. november 2021, 12.00 - 16.00

Informasjon

Finn kvilepulsen i førjulstida - i fred og ro på Hagalid. I år opnar me over to helger frå 19.-28. november, fredag, laurdag og sundag.

Finn kvilepulsen på Hagalid med ro og kulturell drøs i duft av himabakst og røkelse. Absolutt ingen julemusikk! Graut- og nissefri sone...

Fargerike inntrykk av handlaga arbeide frå mange utøvarar: Nye maleri frå Charlotte Helgeland, variert grafikk, plakatar, kunstkort. Kalendar 2022 frå Hilde Thomsen. Trearbeide, keramikk og porselen, lin og ull. Gode tilbod på blåst glas og smykke.
Handdyppa saktebrennande stearinlys, skulpturelle eller stakelys i tre lengder og eit vell av fargar. Kubbelys i mange størrelsar og fargar.

Pyntegrønt og mose. 

Me pakkar julegåver om det trengs.

I kafeen blir det kaffimat med førjulssmak, eplegløgg og himalaga snop. Bakst kan du og ta med.
Gratis inngong.

Stad

Hagalid
 

Kontakt

Ryfylke Glød / Galleri Hagalid
Hagalidvegen 463,  4130 Hjelmeland

Tlf.: 98219973

E-post : hanne@hagalid.net

Nettstad: http://www.hagalid.net

Hanne Sundbø

E-post : hanne@hagalid.net

Legg til hendinga i din kalender