Utval: | Barn og unge sitt kommunestyre |
---|---|
Dato: | 30.05.2023 09.30 - 11.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Vedtak er påført møtet |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Saka vert tatt til orientering
Konstituert kommunedirektør, Camilla Haug Flem, orienterte om at Wictor Juul er pensjonert, og at ny kommunedirektør (tidlegare kalt rådmann) startar 1. august. Ho heiter Janne Johnsen. I mellomtida er Camilla kommunedirektør.
Kommunalsjef for oppvekst, Håvard Østhus, informerte om at kommunestyret har vedtatt at elevane i Hjelmeland kommune skal ha minimum 40 timar symjeundervisning frå 1. - 4. kl. og 30 timar frå 5. - 10. kl. Det kan gis meir timar enn dette dersom det er naudsynt for at elevane skal oppnå kompetansemåla, men det avgjer rektor på dei ulike skulane. Symjeundervising framover kan bli utandørs med våtdrakt, dersom symjebassenget vert stengt pga. bygging av ny ungdomsskule. Det går også an å reise til andre basseng for å symje, men det vert nok ikkje meir enn til dømes 1. - 2. gonger i året i tilfelle, fordi transporten kostar så mykje.
Kommunalsjefen informerte også om at rektorane har drøfta kva ein leksebevisst skule skal vera, med samarbeidsutvalet (SU) på dei ulike skulane. SU har representantar frå elevane, dei tilsette og foreldra. Desse tre punkta er slik me meiner ein leksebevisst skule skal vera:
Det vil fortsatt vera litt ulikt kor mykje lekser den enkelte lærar gjer, men det skal vera innføre desse punkta.
Leiar bygg og anlegg, Kenneth Iversen, orienterte om maling av klasserom på Hjelmeland barneskule. Dette er under planlegging, og ein håpar det skal vera gjennomført innan utgongen av haustferien. Han orienterte også om at dei sakene BUK har sendt inn til administrasjonen som handlar om trafikk, vert tekne med vidare. Mellom anna er han samd i at det er spesielt viktig å prioritere fartsdumpar i bakken opp til ungdomsskulen.
Pedagogisk IKT rettleiar, Morten Hetland, orienterte om evaluering av læringsbrett. Læringsbretta bidrar til at elevane lærer ting på ein ny måte, slik at dei er førebudde på den nye teknologiske utviklinga me sannsynlegvis vil møta framover.
Elevar frå 5. - 10. trinn, føresette og tilsette har svart på ei spørjeundersøking, og resultata syner at dei fleste har gode erfaringar med innføring av læringsbrett. Det har vore nokre utfordringar undervegs, som me har løyst i fellesskap.
Barn og unge sitt kommunestyre fordelar kr. 65.000 slik:
Kva: | Kor: | Ca. pris: |
Sofakrok | Fister skule | 20.000 |
2 trehjulssyklar | Årdal skule | 15.000 |
2 sitjesekkar | Hjelmeland barneskule | 7.000 |
Målvegg og basketkorger | Jøsenfjorden | 6.500 |
Trivselspengar pr. elev | Skulane | 16.500 |
TOTALT | 65.000 |
Fister skule:
Årdal skule:
Hjelmeland barneskule:
Hjelmeland ungdomsskule:
Jøsenfjorden:
Etter eit møte mellom leiar, nestleiar, kommunedirektør og sekretær vart dette forslaget lagt fram:
Kva: | Kor: | Ca. pris: |
Sofakrok | Fister skule | 20.000 |
2 trehjulssyklar | Årdal skule | 15.000 |
2 sitjesekkar | Hjelmeland barneskule | 7.000 |
Målvegg og basketkorger | Jøsenfjorden | 6.500 |
Trivselspengar pr. elev | Skulane | 16.500 |
TOTALT | 65.000 |
Hjelmeland barneskule forslo å auke beløpet på sitjesekkar til kr. 11.500, og redusere trivselspengane tilsvarande. Dette vart nedstemt, med 15 mot 4 stemmer.
Forslaget i tabellen ovanfor vart vedteke med 15 mot 4 stemmer.
Barn og unge sitt kommunestyre ber kommunedirektøren ta innspela med seg vidare i arbeidet med langsiktig utviklingsplan for Hjelmelandsskulen.
Kommunalsjef oppvekst, Håvard Østhus, orienterte kort om Hjelmelandsskulen sin langsiktige utviklingsplan. Den fortel korleis skulane i Hjelmeland skal jobba framover, og kva me ynskjer å vera spesielt gode på. Desse fire område ynskjer skuleleiinga å ha fokus på framover:
Innspel frå BUK:
Fister skule:
Årdal skule:
Hjelmeland ungdomsskule:
Kommunalsjef for oppvekst, Håvard Østhus, informerte kort om dette:
Meir praktisk undervisning passar godt saman med målet om aktive elevar, i den langsiktige utviklingsplanen. Når det gjeld engelsk og gym er det bestemt frå nasjonalt hold kor mange timer ein skal ha, men skulane kan justere inntil 5 %. Det er litt meir om personlig økonomi i den nye læreplanen, men skulane vil uansett ta med seg innspelet vidare, mellom anna kan ein ha meir om økonomi i matematikkundervisninga.
Når det gjeld meir fysisk aktivitet og utflukter vil kommunalsjefen ta dette opp på skuleleiarmøte. Det vert mellom anna jobba med ein felles plan for utflukter.
Politikar | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|
Natalia Grzenkowich | Leiar | |
Brage Nesheim Østebøvik | Nestleiar | |
Milda Jurkute | Medlem | |
Kornkanok (Focus) Schmidt | Medlem | Schmidtfocus@gmail.com |
Lenn Eric Krause | Medlem | |
Norah Gjil | Medlem | |
Brede Skjølingstad | Medlem | |
Simon Vadla | Medlem | |
Matias Borgen Oterholt | Medlem | |
Gunnar Dalane | Medlem | |
Thea Ullestad Torbjørnsen | Medlem | |
Tomine Moen Hausken | Medlem | |
Aslak Mjølhus | Medlem | |
Emilie Hjorteland Verpe | Medlem | |
Lotte Arnesen | Medlem | |
Eskil Mosnes | Medlem | |
Arn Sellevoll | Medlem | |
Marita Auksoriute Hetland | Medlem | |
Ingrid Laugaland Aslaksen | Varamedlem | |
Pernille Bergøy Drognes (Ikke møtt) | Medlem |