Kong Harald V

Kong Harald i uniform - Klikk for stort bilete Det Kongelige Hoff

21. februar 1937–28. august 2026

Det er med stor sorg me i dag har motteke meldinga om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang. 

Les meir

 

Sider, song og ein smak av Hjelmeland

  • Hending

Sider, song og ein smak av Hjelmeland

Dato

Fredag 4. september 2026

Tidspunkt

kl. 18.30 - 23.30

Stad

Spinneriet

Last ned kalenderfil (.ics)

Velkommen til sider, song og ein smak av Hjelmeland — eit unikt arrangement som handlar om god, kortreist mat og drikke.

Éi gruppe startar med omvisning hos Apal Sideri, den andre hos Omcider. Så byter de plass. Det blir busstransport mellom stadene, det er inkludert i prisen.

Gruppe 1 som startar hos Apal Sideri møter direkte der. Gruppe 2 som startar hos Omcider kan anten møta direkte der eller ta felles buss frå busshaldeplassen ved kyrkja (tidspunkt for oppmøte blir delt seinare på nettsidene til Ryfest).

Kvelden blir runda av med konsert med Hilde Selvikvåg i Spinneriet etter middagen. Med varme låtar, gode historiar og den nære formidlinga si, ligg alt til rette for ei skikkeleg fin avslutning på kvelden. 

Kjøp billett til sider, song og ein smak av Hjelmeland - 1895 kr.

Følg med på ryfest.no for meir informasjon.

Den store kaifesten med Motskift og Ingenting

Laurdag kan du ta deg ein skikkeleg fest når kvelden senkar seg over Hjelmelandsvågen. Artistane Motskift og Ingenting spelar for oss. 

Les meir og kjøp billett til kaifesten.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Ryfest

Om staden

Kart
Kartpunkt for Burmavegen 11, 4130 Hjelmeland, Norway
Namn

Spinneriet

Adresse
Burmavegen 11
4130 Hjelmeland