Kong Harald V er død

Det er med stor sorg me i dag har motteke meldinga om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang. 

Kong Harald i uniform - Klikk for stort bilete Det Kongelige Hoff

Sorg over å miste ein kjær og høgt akta konge, samstundes som me også kjenner på takksemd over den han har vore for oss og for nasjonen Noreg. 

Ein konge som har vore respektert og elska av heile folket, ein konge som har evna å vere til stades der han trengs, og å sei det som me har trengt å høyre. Han har trøysta oss, samla oss, av og til formana oss, og alltid vist retning. Utan å fordøme eller anklage. Han har vore alle sin Konge.

Enten det er naturkatastrofer, terrorhandlingar eller store idrettsprestasjoner har Kong Harald vore eit naturleg samlingspunkt for oss. Me hugsar alle tv-bileta der han omfamna overlevande og pårørande etter Utøya, og no nyleg korleis unge og gamle saman gjekk til Slottsplassen for å feire landslaget sine sigrar, og tap, i fotball-VM. 

Takk!

No skal kongefamilien få tid til å sørge, og me som nasjon vil sørge saman med dei.

Så sender me samstundes våre varmaste helsingar til Hans Majestet Kong Haakon i vissheit om at han, som sin oldefar, farfar, og far, vil fylle rolla til det beste for oss som bur her og for nasjonen Noreg.

Me lyser fred over Hans Majestet Kong Harald sitt minne.

Anita Husøy Riskedal, ordførar