Faktura til kommunenLytt til tekstenStopp avspillingMe krev at alle leverandørar av varer og tenester sender faktura og kreditnota i samsvar med EHF-standarden. Fakturaadressa vår er organisasjonsnummeret vårt: 864 979 092Bestillar sin fakturareferanse må leggast inn i feltet "accounting cost" / "cbc:ID" (ofte kjent som "Deres ref.") og ha slikt format: xxx-xx. Det må ikkje stå noko anna i dette feltet. Eventuelle vedlegg må følge EHF-fakturaen.Manglar du løysing for EHF-faktura?Av omsyn til datatryggleiken vil me ikkje ta i mot faktura via e-post. Dette gjeld både pdf-filer og lenker til portalløysingar.Dersom du som leverandør manglar løysing for å sende EHF-faktura, ber me om at du tek kontakt med oss for rettleiing til alternative løysingar.BetalingsvilkårMe ønsker at betalingsvilkår skal vera minimum 30 dagar frå fakturadato.Me krev at fakturaer er i samsvar med krava i bokføringslova med føresegner. Viss dei ikkje er det, vil dei bli returnert.FakturareferanserFinn rett fakturareferanse (PDF, 107 kB)