Personvernerklæring

Når du brukar nettsidene våre legg nettlesaren din igjen elektroniske spor og informasjon. Informasjonen blir brukt til å betre innhaldet på nettsidene og dei kommunale tenestene. Personvernerklæringa fortel kva som blir samla inn, og korleis me brukar informasjonen.

Rett til personvern og teieplikt 

Alle som utfører tenester på våre nettsider, pliktar å hindra at andre får tilgang eller kjennskap til det han eller ho får kjennskap til om personlege forhold. Dette gjeld også andre opplysningar som skal haldast hemmeleg av omsyn til den som opplysninga gjeld. I einskilde saker er teieplikta serleg streng. 

Lov om handsaming av personvern 

Denne personvernerklæringa følgjer bestemmingane i personopplysningslova med tilhøyrande forskrift.

Rett til informasjon om handsaming av personopplysningar 

Alle som ber om det, skal få vite korleis opplysningane om eigen person blir behandla. Du kan ta kontakt med oss og be om å få vita kva slags opplysningar me har om deg, kva dei skal brukast til, og kor dei er innhenta frå. 

Du skal kunne krevje at feilaktige eller mangelfulle opplysningar om deg blir retta 

Dersom du oppdagar mangelfulle eller feilaktige opplysningar om deg sjølv, ber me om å få melding om dette. 

Du kan krevje at unødvendige opplysningar om deg blir sperra eller sletta

Me slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for formålet med registreringa. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast med heimel i anna lovgivning, til dømes rekneskapslova og arkivlova.

Vidareformidling 

Personopplysningar skal ikkje bli formidla vidare til tredjepart utan at du har samtykka til dette. 

Informasjonstryggleik 

Me har etter personopplysningslova ansvar for at personopplysningane er tilstrekkeleg sikra. Me har system og rutinar som sørgjer for at berre dei som har eit tenestleg behov får tilgang til opplysningane. Vidare sikrar me opplysningar mot å endrast eller slettast av andre enn dei som er autorisert til å gjere dette.