Dersom du ønsker å få arbeidstakarar til Noreg frå EØS/Schengen, kan du teste desse for koronavirus slik at dei slepp karantene før dei begynner å arbeide. Det skal takast ein test så snart som mogleg etter dei er komne til landet. Dei kan då starte i arbeid så snart ein veit svaret på denne testen, men dei må fortsatt vera i karantene på fritida. Tidlegast 5 dagar etter ankomst kan dei testast ein gong til, og ved negativt svar slepp dei då karantene også på fritida.

Kommunestyret har vedtatt rullerande barnehageopptak som gjeld frå barnehageåret 2020-21. 

Føresette søker til hovudopptaket med den datoen dei ønsker plass. Føresette får tildelt plass ut i frå ønska dato, utan å måtte betale i perioden frem til denne datoen. Barnet vert ikkje registrert med plasseringsstart før ønska dato. Nye plasser i barnehageåret skal som houvdregel tildelas innan ein månad frå søknad.

Gjekk du glipp av det digitale folkemøtet tysdag kveld? Fortvil ikkje! Du kan no sjå opptaket av møtet. 

No kan du bestille møte med ordførar eller saksbehandlarar i kommunen på nettsida vår, og på Facebook.