"Amy" kjem med sterke vindkast
Det er nå sendt ut oransje varsel om svært kraftige vindkast og svært mykje regn. Faren er venta å aukar frå fredag 3. oktober klokka 18:00 og avta laurdag morgon.
varsom.no
Prognosane visar no at den sterkaste vinden i Rogaland vil vere mellom midnatt og til ca. klokka 02.00-03.00 i natt. Middelvinden vil da kunne koma opp i full til sterk storm. På stader som er utsett for vind fra sør-aust vil vinden kunne koma opp i 35-40 m/s.
Hald deg oppdatert på varsom.no
Sikre lause gjenstandar
Så, har du ikkje tatt turen rundt huset og nabolaget for å sjekke lause gjenstandar er det nå flott om du no tek deg ein tur. Det kan vere lurt å sikre bosspann, hagamøbler, trampolinar og anna som kan bli tatt av den sterke vinden me har i vente.
Lause gjenstandar kan utgjere fare for liv og helse.
Mange reiser kan ta lengre tid, berekn derfor ekstra tid til transport og køyring, og vurder om reisa verkeleg er naudsynt. Kanskje er det best å halde seg heime i kveld og natt.
Publisert 03.10.2025 08.33
Sist endra 03.10.2025 09.57