Arbeid med ny Hjelmeland ungdomsskule

Me bygger ny ungdomsskule i Hjelmeland. Skulen er planlagt ferdig etter sommaren 2026. 

Illustrasjon frå nord - inngang skule og svømmehall - Klikk for stort bileteIllustrasjon fra nord - inngang skule og svømmehall Spinn Arkitekter

Om byggeprosjektet

  • Eksisterande skule og svømmehall er reven og ny skule og svømmehall er under bygging.
  • Rivearbeidet starta hausten 2024.
  • Ferdigstilling er planlagt etter sommaren 2026.
  • Riveentreprenør: AF Decom AS.
  • SR-Entreprenør AS er totalentreprenør for prosjektet og nyttar ulike underleverandørar.
  • Skulen skal byggast i massiv trekonstruksjon.
  • Svømmebasseng blir på 25x21 meter og har 8 banar. 
  • Svømmebassenget skal også kunne delast i to soner der den eine sonen vil ha hev/senk botn. 
  • Bassenget vil ha 1 meter stupebrett og 3 meter plattform.
Illustrasjon interiør - ungdomsskule aula - Klikk for stort bileteIllustrasjon interiør - ungdomsskule aula Spinn Arkitekter

Arbeid med fundament er i gang

Krane er på plass og arbeid med fundament er i gang - Klikk for stort bilete Geir Haaland
15.10.2024 10.44

Grunnarbeidet er i gang

Grunnarbeidet med ungdomsskulen er i gang med ulike maskinar - Klikk for stort bilete Geir Haaland
03.09.2024 10.42

Tomta er klar

No er ungdomsskulen riven og tomta er klar for oppstart av byggearbeid.

Tomta til ny ungdomsskule er klar for oppstart av byggearbeid - Klikk for stort bilete Øystein Helgeland
06.08.2024 10.37

Ungdomsskulen blir riven

Gravemaskin som jobbar med riving av skallet av ungdomsskulen på Hjelmeland - Klikk for stort bilete Geir Haaland
08.07.2024 10.34

Riven svømmehall

Området der svømmehallen var før, sprengmatte og store massar stein - Klikk for stort bilete Geir Haaland
12.06.2024 10.30

Oppstart av riving

Arbeidet med riving av eksisterande skule startar. Skulen er tømt, avfallet sorterast og kastast. 

Avfallsortering frå gamle Hjelmeland ungdomsskule container - Klikk for stort bilete Øystein Helgeland
02.05.2024 13.51

Signert kontrakt

Ein gledens dag! Eg har aldri signert på så store summar før, seier ordfører Anita Husøy Riskedal som her signerer kontakten på ny ungdomsskule med SR Entreprenør og daglig leiar, Kristian Rønneberg. 

Ordførar Anita Husøy Riskedal og dagleg leiar i SR Entreprenør Kristian Rønneberg Hjelmeland kommune
13.12.2023 11.00